Arild Sjong og Israel

Av Jostein Sandsmark

Det var eit sviande kvast innlegg Sjong hadde om Israels framferd mot dei palestinske innbyggjarane på Vestbreidda. Og med litt neddemping av kritikken ville han få medhald av det norske UD, LO, DnK, KFUM, Raudekrossen, Palestinakomiteen og andre NGO-organisasjonar, fleire politiske parti, EU, FN, og så godt som alle riksmediene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er berre det at heile dette grunnsynet og engasjementet er tufta på eit usant og sviktande premiss: ULOVLEG OKKUPASJON.

Stryk ein dette vilkåret – fell botnen ut or alt engasjement og oppvigleri, hat og terrorhandlingar med rakettar, bildrap og knivdrap mot jødane og hetsen mot den israelske staten.

For jødane har full råderett over Judea og Samaria (Vestbreidda), heilt i samsvar med militærjuss, folkerett, Oslo-avtalane, fredsavtalen med Jordan – og den historiske tilknytninga Israel har til jødelandet Judea og Samaria.

Hadde palestinarane med bakmennene Hamas og Iran erkjent og respektert denne kjensgjerninga, - Israels rettsmessige jurisdiksjon over sitt historiske fedreland, ville tusenvis av fientlege Gaza-rakettar, terror med bildrap og knivstikking stoppa opp.

Men EU, FN, Hamas, Iran og Biden/Odama støttar den framveksande antisemittismen og oppviglar palestinarane til terrorhandlingar. Det er aldri jødar som startar uroa og konfliktane.

Langt over halvparten av dei palestinske israels-borgarane vil heller bu i ein israelsk stat under israelsk styre enn i ein nyarabisk stat. Det seier sitt – ja, alt.

Arild Sjong, gå til bandstokken, stridens årsak og kjernepunkt: – «ULOVLEG OKKUPASJON» – fjern den, så kan det bli fred i Midtausten.