Løn på jorda
Ingen har greidd å forklare meg kvifor vi ikkje kan ha borgarløn her i landet.
Politisk er det berre Venstre og delar av arbeidarrørsla som har slått frampå om idéen, men den fell alltid daud til jorda fordi nokon seier det blir både dyrt og moralsk risikabelt å betale absolutt alle for å «drive dank».
I Finland, Nederland, Alaska og byar i Canada lever idéen, også i praksis. I Noreg brukar vi 419 milliardar i året på samla trygdeytingar. Eg har fundert og rekna litt på tal frå SSB, og min borgarløn-modell har ein prislapp på berre om lag 375 milliardar:
Artikkelen held fram under annonsen.
n 250.000 i skattefri årsløn blir automatisk innvilga til alle som har fullført minst treårig utdanning etter ungdomsskulen, eller har hatt fast arbeid i tre år, eller fyller kriteria for uføretrygd, eller innvandrarar som på etter reglane har opparbeidd trygderettar i landet.
n Det er lov å tene tre gonger summen før borgarløna fell vekk, men skattlegging også av borgarløna bør starte når ein i tillegg har tent om lag grunnbeløpet i folketrygda ekstra. Borgarløna blir sterkt redusert frå årsinntekt på 500.000 og fell bort ved 750.000.
Mange av fordelane ved borgarløn er lette å sjå. Når alle er sikra om lag 20.000 kroner på konto kvar månad, fell grunnlaget vekk for til dømes omsorgsløn, barnetrygd, kontantstøtte, utdanningsstønader, stønad til barnetilsyn, barselstønad, bustønad, reisestønad og medisinutgifter ved sjukdom for dei som no er fattige.
Uføretrygda vil også koma betre ut, sjølv dei som i dag får maksimalsatsane kring 350.000 årleg, fordi trygda blir skattlagt som vanleg inntekt. Arbeider dei ved sida av, kan skatten bli heile 78%. For minstepensjonisten med 173.000 i inntekt før skatt blir borgarløn eit kjempeløft – akkurat den gruppa som eg og mange andre meiner fortener det mest. Borgarløn vil også medføre at fleire vågar å starte eiga bedrift, studere, bli musikar eller Raude krossen-friviljug på heiltid. Folk kan bruke meir tid med ungane sine, eller med andre dei held av.
Små jordbrukseiningar blir meir drivverdige og mindre økonomisk hasard, dette sikrar busetjing og lokal matproduksjon. Dagens 130.000 arbeidsledige får fleire jobbar å velje i, sjølv om dei truleg då må konkurrere med mange tidlegare NAV-tilsette.
Nokre nøkkeltal til sist: Drygt 1,5 millionar nordmenn (over 17 år) har årsinntekt på 300.000 kroner eller mindre. Om alle desse får 250.000 skattefritt som borgarløn, vil det koste om lag 392 milliardar. Barnetrygda kan fjernast eller behovsprøvast, for no får alle foreldre garantert minimumsinntekt. Vi kan også trekkje frå dei 12 milliardane det kostar å administrere NAV, Statens Lånekasse og ordningar som garantiløn for kunstnarar, og endar med om lag 375 milliardar. Differansen burde dekkje inn mykje tapt inntektsskatt som no blir betalt.
Men dei største innsparingane kjem kanskje på helse- og sosialbudsjetta – når kvart menneske får den verdien berre kald valuta og kjøpekraft gir?
Mange av fordelane ved borgarløn er lette å sjå.