Samla inn over 60.000 til folk som mista hus og heim - her blir Svitlana overraska
Mange mista alt dei eigde under flaumen. Då kjem det godt med at nokon starta ein spleis.
Charlotte Kleven, Helene Liodden og Torstein Fjellheim var trygge då flaumen kom under ekstremvêret «Hans». Men dei såg kva som råka mange innbyggarar i Nesbyen. Snart låg store delar av bygda under vatn, og folk vart evakuerte frå heimane sine.
Det vart eit sørgeleg syn der ein kunne sjå eigedelar flyte nedover Hallingdalselva. Folk både med og utan familiar stod utan tak over hovudet. Fleire av dei som mista omtrent alt dei eigde hadde heller ikkje familie eller nære kjende i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ville hjelpe
– Me kjenner jo folk i bygda og synest det var vanskeleg å sjå at så mange mista så mykje. Me ville så gjerne hjelpe, fortel Charlotte Kleven.
Ho har vakse opp i Nesbyen, men bur i Drammen. Der fekk ho stadig spørsmål frå folk om korleis det gjekk på Nesbyen.
– Folk brydde seg, og tenkte på dei som bur her, fortel Kleven.
Spleiselag
Veneparet i Nesbyen tenkte akkurat same tanke. Det var då dei kom på å starte ein spleis.
– Det var fleire frå Ukraina som vart råka. Dei hadde alt mista så mykje, og hadde berre så vidt fått tid til å skape seg ein ny heim. Så tok flaumen alt frå dei på nytt, fortel venene.
Om ekstremvêret Hans
– Vêrmeldinga den 6. august vart sendt ut med raudt farevarsel, der det var venta mellom 80 til 100 millimeter med regn på eit døgn.
Dei varsla samstundes fare for ras og flaum.
– 7. august steig vatnet meir og meir i Nesbyen. Natt til 8. var det vatn langt oppe i sentrum og mange vart evakuerte ut av heimane sine denne natta.
– 10. august var vatnet på retur, og dei store skadene kom til syne.
– Tre veker etter Hans kom ei ny regntynga helg. Det vart ny flaum, der vegar vart stengde og folk måtte på ny evakuere.
Det som var verst var at det var så mange ungar som hadde mista så mykje, og venene fortel at dei tenkte på sine egne ungar og kjente på korleis det ville vore for dei om ungane deira hadde mista alt.
– Det fekk oss til å tenke, fortel dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då spleisen var over, hadde dei godt over 60.000 som dei skulle fordele. Men det vart verre å finne ut kven som trong dei. Då gjekk Fjellheim i gang. Han tok kontakt med kommunen som hjelpte dei å plukke ut dei som stod utan forsikring og som trong hjelpa mest.
Delte ut sjekkar ved dørene
Pengane blei fordelt på kvart hovud med 3000 kroner til kvar. Nokre er einslege og andre barnefamiliar. Venepara møtte mange takksame fjes, ikkje minst frå barna.
– Me møtte ei liten jente som blei så glad. Ho sa: «Eg har ikkje mista så mykje, eg klarer meg, eg». Det var rørande, fortel Fjellheim.
I tillegg til sjekken dei delte ut, hadde banken støtta med ei rabattordning til alle som ikkje hadde forsikring, men som vart råka av flaumen. Dette kom som ei ekstra gåve til mottakarane.
Heile 164 givarar vart det til slutt på spleisen, der nokre gav 50 kroner og nokre gav 2000.
– Det vart eit stort engasjement. Kvar krone betydde like mykje for dei som fekk det. For nokon blir dette småpengar, men for andre kan det gjere ein stor forskjell, fortel vennene.