Kommunen har ikkje kartlagt skredområdet - men har starta prosessen
Dalsida langs Strandafjorden i Ål er av NVE markert som eit område der det er mogeleg fare for flaum- og jordskred. Men kommunen har ikkje gjennomført ytterlegare undersøkingar.
Det er VG som skriv dette laurdag.
I det aktuelle området i Ål vart tre bustadhus tatt av jordskred denne veka. Eitt langt vest mot Kleivi, og to i Breie-gardane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heldigvis gjekk ingen liv tapt, men dramatikken var stor. Olaug og Halgeir Viken fortalde at dei trudde deira siste time var komen då jordraset tefte mens dei var inne i huset.
– Me hadde englevakt, sa dei til Hallingdølen.
Kjent fare
Det er ei kjent sak at Breie-området er knytt til rasutfordring. Det har blant anna vore framme i samband med revidering av arealdelen til kommuneplanen i Ål. Dette er ikkje eit område som er aktuelt for til dømes spreidd bustadbygging.
I 2014 kom Breie-området på det såkalla aktsomheitskartet for område som kan vera utsett for flaum- og jordskred. Det er NVE som har laga kartet, mens det er kommunane sitt ansvar å følgje dette opp med ytterlegare undersøkingar.
– Løyvde pengar
Det har ikkje Ål kommune gjort, på linje med mange andre kommunar, skriv VG.
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) seier til avisa at ting likevel er på gang.
– Me løyvde pengar til å kartlegge ein del av dette området i kommunestyret før jul, og det har pågått eit arbeid i år, fortel Vestenfor til avisa.
Har søkt om støtte
Frå 1. januar kunne kommunar søke NVE om økonomisk støtte ikkje berre til flaumtiltak, men også til kartlegging. Ål kommune er blant dei fyrste som har søkt om dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når søknader blir godkjent er praksis i hovudsak at kommunane dekker 20 prosent av kostnadene, NVE resten. Tiltaka blir utført av NVE i samarbeid med kommunane.