Torsdag var Statens vegvesen og Presis veidrift på synfaring for å vurdere skadene på Rv7. Brua ved avkøyringa til Nossvegen i Ål er betre enn frykta. F.v.: Bruforvaltar Jacob Jacobsen og byggeleiar Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen. I bakgrunnen avdelingsleiar Stian Brenna i Presis Vegdrift, saman med Henning Medgard (delvis skjult) i Bjella & Medgard AS.

Heile Rv7 er open - men i Gol blir det omkøyring via sentrum: Ber folk ta det pent

Laurdag morgon er Rv7 open att gjennom Ål. Dermed kan ein køyre Rv7 gjennom heile Halllingdal, men med omkøyring gjennom Gol sentrum.

Den neste veka må bilistar smørje seg med tolmod om dei skal forbi Gol. Det tek enno tid å reparere Slettemoen bru.

– Det står att ein del jobb der. Me kjem til å arbeide på staden gjennom helga, og måndag blir det støyping. Me håpar me kan opne opp att gjennom Gol i siste halvdel av neste veke, sa Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen til Hallingdølen fredag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rv7 forbi Ål har vore stengt heilt sidan ekstremvêret starta herjingane sine tysdag. Fleire jordras og ikkje minst den øydelagde brua over Kvinda vart ein krevjande jobb for vegvesenet og entreprenøren Presis vegdrift.

Men dei har jobba dag og natt for å rydde og bøte på skadane, og Bråten trudde vegen forbi Kvinda ville vere klar for trafikk att seint fredag kveld.

– Brua har blitt asfaltert i dag, og me ventar på at asfalten skal bli kald. Eg må berre få skryte av entreprenørane i dalen. Dei har verkeleg stått på for å opne vegane att, sa han.

Laurdag morgon melder Statens vegevesen at vegen er open gjennom Ål.

Rydda og reparert

Også i Nesbyen har det blitt jobba på spreng for å greie opne vegen. Så langt har det vore omkøyring via Alfarvegen, men oppryddinga har kome langt.

– Småskadar har også blitt utbetra. Det står att noko der, men det vil bli framkomeleg. Kanskje med noko innsnevring. Eg trur me blir ferdig der seint i kveld, sa Bråten fredag.

Opninga i Ål gjer at aust-vest-trafikken kan gå att. Truleg betyr det også mykje trafikk, og i Gol må den gå gjennom sentrum. Det kan bli krevjande for ein mindre veg. Det er vegen på nedsida, gamlevegen, som vil bli brukt.

– Vegen skal tole det greitt. Men me har forsikra kommunen om at me tek utbetringane om det skulle bli skadar. Dei er sjølvsagt uroleg for vegane sine, og det har me full forståing for, seier Bråten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ver tolmodig

I helga vil trafikken gå utan manuell styring, men frå måndag vil det gå ein leiebil for å styre trafikken att og fram.

Bråten oppfordrar folk til å smørje seg med tolmod når dei skal forbi Gol, og ta det pent.

Hittil har det vore ei avgrensing med tanke på vekt på passerande trafikk: Mellom Flå og Gol har grensa vore 7,5 tonn. Den opphøyrer no. Det betyr også meir tungtrafikk gjennom Gol.

– E16 er også førebels stengt, men me håpar at me ganske snart kan styre det meste av tungtrafikken gjennom Valdres, seier Bråten.