Her kjem Ingeborg (90) tilbake til øydelagd heim: – Å, nei! Her er det heilt bomba. Her kan eg ikkje bu lenger
Ingeborg Torseth (90) har opplevd flaum før, men aldri som no. Torsdag såg ho korleis vatnet hadde øydelagd heimen hennar.
Klokka var passert 13.30 torsdag då Ingeborg kom ruslande til heimen ved marknadsplassen. Tysdag vart ho evakuert til Elverhøy helsetun som den aller første i Nesbyen.
Hallingdølen er tilfeldig på staden saman med ordførar Tore Haraldset og kommunedirektør Anders Halland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingeborg sjekkar postkassa, finn eit vått brev og går stille mot porten. På huset har vatnet stått to meter oppover veggen.
– Hei, hei, vil du inn att og sjå, seier Haraldset.
– Eg veit ikkje om eg tør å gå inn, svarar Ingeborg.
– Men me kan hjelpe deg. Hugsar du korleis eg var med og hjelpte deg sist flaum, seier ordføraren.
Henta med båt
For dette er ikkje første gong Ingeborg opplever flaum. Ho og ektemannen Kristian, som no er borte, budde her saman frå 1972.
– Dette er fjerde gongen me har stor flaum. Men det har aldri vore så ille.
I 2004 vart ho henta av Røde Kors med båt. Då måtte ho rekke frisørtimen. På trappa følgde Kristian med.
Torsdag kom ho aleine heim att. Saman med Haraldset og Halland låste ho seg inn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er du heilt sikker på at du vil inn, spør Haraldset, og opnar døra og går først for å sjekke at alt er klart.
– Nei, det er eg ikkje. Men ein gong må eg sjå det, seier ho, og går inn i gangen.
Alt øydelagd
– Å, nei! Kjære vene. Har du sett på maken! Her er det heilt bomba. Sjå på soverommet. Og her ligg kista.
Haraldset er med når Ingeborg sjekkar både bad og kjøken. Det er eit dramatisk syn.
Heimen hennar er øydelagd, slik så mange andre i nabolaget har det no. Kjøleskåpet ligg på det våte golvet, møblane er øydelagde. Men bileta på veggen har akkurat klart seg.
Målet med turen er å hente medisin og høyreapparat, men Ingeborg må konstatere at ho ikkje kjem fram dit.
– Men TV-en står, konstaterer ho, før ho konkluderer:
– Det er så mykje. Her kan eg ikkje bu lenger. Men kor skal eg bu?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Grusomt
Ute på gata att er det sterke inntrykk. Rundt henne er bustadhus råka. Marknadsplassen med Hallingmarkens anlegg er øydelagd. Vatnet er på retur etter den verste flaumen sidan 1860.
– Dette var modig gjort, meiner Halland.
– Korleis går det med naboane, tru? Eg håpar alt er bra, seier Ingeborg.
– Korleis er inntrykka no?
– Eg hadde aldri trudd eg skulle kome inn. No skal eg fortelje dottera mi at eg har hatt med meg ordføraren.
Tidlegare har det vore vatn i kjellaren. Skadane no er av eit heilt anna omfang.
– Dette var grusomt å sjå. Heilt forferdeleg. De såg jo korleis det såg ut, de også.
No bur ho på Elverhøy og Haraldset lovar at ho skal bli godt vareteke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har fått eit veldig fint rom på Elverhøy. Viss eg kan få behalde det og få inn personlege ting, hadde det vore bra, seier Ingeborg, og kjem med eit lite hint til både Haraldset og Halland:
– De får legge inn eit godt ord for meg, då!
Så tek Ingeborg rullatoren og ruslar tilbake til Elverhøy.