Slik såg dekningskartet ut hjå Telenor torsdag formiddag. I områda som er raude er dekninga heilt borte. I dei oransje områda er den sterkt redusert - eller vekk.

Mobildekninga var vekke i fleire dagar: – No er alt inne igjen i Ål

Kundar i Ål har vore utan dekning i fleire dagar. Torsdag flaug Telenor inn folk og utstyr for å rette feilen. Det greidde dei.

– No er alt inne igjen i Ål. Me må skøyte noko på nytt og enkelte stader kan bli ustabil eit par timar, melde dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor til Hallingdølen torsdag i 15-tida.

Torsdag har fagfolk drive på for fullt med å skøyte fiberhår der skaden var skjedd. Dei trudde dette ville ta dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til me er ferdig med dette er det ikkje mogleg å estimere når dekninga kjem att. Om me er veldig heldig, og det viser seg å ikkje vere fleire skader, kan nettet vere tilbake alt i ettermiddag. Men kabelen kan ha roke fleire plassar også, sa Bjørn Amundsen midt på dagen torsdag.

Han trudde det ville ta lengre tid før Telenor-kundane var på nett att.

– Me ventar at det kan vere fleire skadar. Men me set alle klutar til for å få nettet opp att i Ål. Me har verkeleg jobba med dette, men det har vore komplekst, sa Amundsen.

Litt seinare melde han altså at alt er inne igjen.

Helikopter på bakken

Det har kome kritikk frå mange hald på grunn av den manglande dekninga og tida det har tatt å rette feilen. Særleg har mange vore uroleg for beredskapen når mykje folk har vore utan mobildekning.

– I Telenor etablerte me tidleg ein «taskforce», ei slags kriseleiing. Me har hatt kontakt med statsforvaltaren, som har gitt klar beskjed; det har ikkje vore mogleg å sende folk til Ål. Derfor rekvirerte me eit helikopter onsdag, men det vart ståande på bakken heile dagen. Det kunne ikkje flyge inn på grunn av tåke, seier Amundsen.

Men tidleg på ettermiddagen onsdag klart dei likevel å få ein entreprenør til Ål. Då vart feilen funnen: Brot på kabel nokre hundre meter frå sentralen. Ifølgje Telenor er det god redundans på staden, det er to føringsvegar som skal sikre at ting går som det skal. Men vatnet hadde øydelagt begge to.

– Det skjer svært, svært sjeldan, seier Amundsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk hjelp

Så fekk Telenor hjelp frå uventa hald. Frå Sparebank 1 melde det seg ein kar som tok på seg å vere koordinator mot kriseleiinga i Ål kommune. Då fekk Telenor bistand med maskinar som hjelpte til med å rydde i området der skaden var skjedd. Driftsavdelinga i kommunen sørga blant anna for nye trekkerøyr under Rv7.

– Utan dei hadde me ikkje vore der me er no, seier Amundsen.

Klokka 08 torsdag kunne Telenor få fiberen gjennom røyra, og starte arbeidet med å skøyte fiber - hår for hår. Dette vil ta heile dagen. Så ventar spenninga: Finst det fleire skader enn berre denne?

– Når vassføringa har skapt så mykje kaos, kan det vere brot andre plassar, seier Amundsen.

Ved 13-tida torsdag kom det eit lysglimt: Den første basestasjonen i Ål sentrum er i orden.

Og endå eit par timar seinare, var alt i orden.

Trøbbel i Nesbyen

Også i Nesbyen er det utfordringar - særleg i Rukkedalen. Som kartet under viser, er det store område som er råka. Amundsen fortel at eit utfall på straum i Nesbyen skaper trøbbel - så snart dette er fiksa, kan Telenor ta seg inn i området og gjere nødvendige målingar. Men då må krafta vere tilbake.

Amundsen greier derfor ikkje spå når dekninga er tilbake i desse områda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telenor: Også i Nesbyen er dekninga dårleg i enkelte område - særleg i Rukkedalen. Dette er Telenors dekningskart torsdag formiddag. I raude område er dekninga heilt vekk. I dei oransje er den kraftig redusert - eller borte.