Slik såg det ut i det stengte rasområdet onsdag: – Trist å sjå skadene og omfanget
Her ser me korleis jordskreda har knust to bustadhus langs Strandafjorden i Ål.
Det har vore enorme krefter. Dei to husa er regelrett knust av jordmassane som kom i stor fart.
Heldigvis gjekk ikkje liv tapt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein person Hallingdølen har snakka med var i området midt på dagen onsdag. Dette er bilete han tok.
Bileta er frå onsdag mellom klokka 12 og 13, fortel han.
Han seier at vegen stort sett var turr og fin å gå på, bortsett frå dei to stadene rasa har gått.
– Det var trist å sjå skadene og omfanget, konstaterer han.
Mellom dei to rasstadene var det derimot greitt. Det var litt kvist og rusk som bekkane hadde lagt att, men elles bra.
På turen møtte mannen fleire folk, og til og med ei gruppe utanlandske syklistar.
Statens vegvesen har torsdag begynt arbeidet med å rydde vegen i området, men vegen er framleis sperra. Det er ikkje opna for å ta seg inn i området.