Flaumen er på retur i Nesbyen. Men konsekvensane er store. Her ligg billettbua til Hallingmarken. Heile marknadsplassen er under vant og skadane er mange.

Flaumen er på retur - men bileta viser korleis vatnet herja

Flaumen er på retur i Nesbyen. Då kjem dei store skadane til syne.

Ekstremvêret «Hans» skapte den største flaumen truleg sidan Ofsen i 1860. Onsdag morgon stod vatnet langt opp i sentrumsgatene.

Torsdag morgon har vatnet trekt seg mange meter tilbake og så godt som alle vegar i sentrum er no farbare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men skadane er enorme. Gatene er fylt av gjørme, det same er plenar og uteplassar, garasjar og hus. Langs gjerde og i grøftekantar flyt søppel, treverk, plast, utemøbel og barneleiker.

Hallingmarkens billettbu har vorte flytta 15-20 meter og ligg på skakke. Heile plassen er framleis under vatn og skadane er venteleg store.

Langs elva Rukkedøla gjennom sentrum og nedover mot marknadsplassen er herjingane enorme. Elva tok to bruer og har teke nye vegar mot utløpet ved Rv7. Aldri før har elva vore så skremmande som denne veka.

Det er eit trist og nifst syn å gå gatelangs i Nesbyen no. Men det har ikkje vorte meldt om personskadar som følge av flaumen.

Heldigvis.

Skadane er store i Nesbyens sentrumsgater etter flaumen. Søppel, treverk, plast, utemøbel og anna ligg spreidd i hagar og grøfter.
Skadane er store i Nesbyens sentrumsgater etter flaumen. Torsdag morgon flaut Rukkedøla framleis gjennom denne hagen.
Her tok Rukkedøla med seg gangbrua over mot marknadsplassen.
Vegar er dekt av gjørme. Det same er hus og garasjar.
Merket er tydeleg. Onsdag morgon stod vatnet langt opp på husveggen.
Heile marknadsplassen er under vant og skadane er mange. Alle gjerde er dekt av gras og kvistar.
Søppel, treverk, plast, utemøbel og anna ligg spreidd i hagar og grøfter.
Tysdag og onsdag stod vatnet over gjerda i dette bustadfeltet i Stasjonsvegen. No er hagane fylt av gjørme.
Rundballar har vorte frakta av vatnet nærmast på dørstokken til enkelte hus.
Torsdag morgon er Rv7 forbi Nesbyen fri for vatn. Men blir eit stort oppryddingsarbeid. Her ligg søppel, treverk og rundballar.