Ola Stave, dagleg leiar i Hallingdølen fortel at distribusjonen gjer sitt beste for å nå ut til abonnentane.

Ikkje fått Hallingdølen i postkassa i dag? – Me gjer vårt beste for å få avisa fram der det er forsvarleg å køyre

Hallingdølens bodbilar køyrer ut avis overalt der det er farbart og trygt å ferdast - men det vil bli forseinkingar.

– Som følge av ekstremsituasjonen med «Hans» vil torsdagens papirutgåve ikkje kunne distribuerast til alle abonnentar. Problema er fyrst og fremst knytt til øydelagde vegar, i hovudsak Rv7, og boda våre får sjølvsagt heller ikkje køyrd i område som er evakuerte, seier dagleg leiar Ola Stave.

– Dette gjeld fyrst og fremst Nesbyen, Flå, Ål og Hol kommunar. Me beklagar dette, men vil gjera vårt beste for å få avisa fram der det er forsvarleg å køyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om avisa kanskje ikkje ligg i postkassa på morgonen i dag, er den alltid tilgjengeleg på Hallingdølens nettsider. Her kan du lese avisa elektronisk når som helst.

Fann ein veg

Onsdag ettermiddag vart torsdagens utgåve av Hallingdølen sendt i trykken, og ansvarleg for distribusjon, Odd Steinar Skarsbø, fann ei alternativ rute for å hente avispakkane.

Over Golsfjellet, via Dokka og vidare mot byen. Det gjekk.

Seint onsdag kveld var han på returen, og store bunkar med papiravis landa trygt i Gol.

Usikre vegar og regn gjorde at bodbilane venta med å køyre rutene sine. Abonnentar som er van med å få avisa i postkassa tidleg på morgonen, vil nok oppleve forseinkingar i dag.

Det seier også Stave:

– Abonnentane som bur i tilgjengelege område vil oppleva at avisa blir levert på eit seinare tidspunkt enn vanleg.

Vil etterlevere

TIl Hallingdølen onsdag kveld gav Statens vegvesen ein status på Rv7. Med unntak av to bruer (der Hemsil kryssar Rv7 i Gol og ved Noss i Ål), vil det truleg vere vasstanden i Hallingdalselva som avgjer når hovudfartsåra gjennom dalen opnar att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Status på øvrige fylkes- og kommunale vegar er førebels ikkje avklart, men:

– Me vil prøve å få til etterlevering av torsdagsavisa til alle som ikkje får den levert i løpet av natta, seier Stave.