Den største flaumen sidan 1860: – Heilt uverkeleg
Nesbyen har vorte råka av den største flaumen sidan Ofsen i 1860. Dei ufattelege bileta viser korleis vatnet har rasert store delar av sentrum.
Onsdag låg Nesbyen under vatn. Øydeleggingane er enorme og konsekvensane av ekstremvêret er mange:
* Kring 200 personar er evakuert.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Kring 100 bustadhus og andre bygg i sentrum er råka i ulik grad. Det same er bilar og maskiner. Jorda er oversvømt. Vegar elles i kommunen er råka.
* På marknadsplassen er Hallingmarkens anlegg øydelagd.
* Rukkedøla har herja på sin veg og grave ut masse og teke med seg busker.
* Brua over Rukkedøla ved Hallingdal Museum vart kvesta. Rud bru langs fylkesvegen på austsida vart demontert av Hallingdalselva og ført nedover vassdraget.
* Onsdag var Nesbyen sentrum delt i to. Vatnet i sentrum gjorde det umogleg å køyre bil til og frå sentrum. I grendene har øydelagde vegar ført til isolasjon.
– Uverkeleg
Det er nærmast ufatteleg. Det er heilt sikkert den største flaumen sidan Hallingdalsvassdraget vart bygd ut for kraftproduksjon etter andre verdskrig. Det var då vassmagasina øvst i Hallingdal starta å ta unna mykje av vatnet som før hadde gått rett i vassdraga.
Truleg er årets flaum på topplista over flaumar også før 1930.
Før den tid er det Ofsen i 1860 som står som tidenes største. Over heile Austlandet, men særleg i Buskerud og Hallingdal, råka flaumen grunna snøsmelting og regn hardt. I Nesbyen heiter det i gamle kjelder at ein kunne ro på området nedanfor kyrkja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Onsdag var vatnet ikkje langt unna.
– Uverkeleg, seier ordførar Tore Haraldset.
Då ekstremvêret «Hans» var meldt sist helg, trudde kan hende dei fleste at det vart ein «vanleg flaum». Men då vatnet steig i vassdraga måndag, sette kommunen krisestab.
Tysdag morgon vart Hajembrua stengt fordi Rukkedøla gjekk så stor at det var farleg å ferdast der. Så starta Hallingdalselva å stige.
Rv7 vart stengt, og utover ettermiddagen og kvelden vart mange husstandar evakuerte frå dei utsette områda. Merket for 50-årsflaum vart nådd i 18-tida ved Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) målepunkt på Bergheim i Ytre Nes.
Men det var då Nesbyen vakna til liv onsdag, sjokket kom: Nesbyen stod under vatn.
Klokka 07.00 onsdag morgon vart det målt 1337 kubikkmeter per sekund ved Bergheim. Det kan vere det høgaste som nokon gong er målt i Hallingdalselva her.
Då hadde krisestaben seint tysdag måtte flytte til Elverhøy helsetun for å vere sikre på at dei hadde straum og internett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er nesten så du ikkje trur det, seier Haraldset.
Vanskeleg å tru
Eit dronebilete Haraldset tok ved 05-tida om morgonen viser korleis vatnet stod opp mot sjølve sentrumskjernen. Vatnet nådde opp til legekontoret og stod berre 150 meter unna kjøpesenteret.
Klokka 06 onsdag morgon møtte Hallingdølen Tor Dalevold utanfor eigedommen i Stasjonsvegen.
Vasskanten stod 20 meter unna huset hans.
– Vatnet sig litt inn i kjellaren no, seier han.
Han var i ei årrekkje tilsett i Nesbyen kommunes tekniske avdeling. Flaum var eit hovudtema i alle år.
– Men no?
– Ja, meir vatn har aldri eg sett. Dette er den største. Flaumen i 1988 er berre barnematen. Eg har vore gjennom ein del flaumar tidlegare, men dette tek kaka. Til dei grader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har studert flaumkarta for 200-årsflaum.
– Det ligg nok i nærleiken no, meiner Dalevold.
– Vanskeleg å fatte dette?
– Ja, eg hadde nok ikkje trudd det.
Trist
Ved 11-tida om føremiddagen stod dagleg leiar i Nesbyen idrettslag, Per Rune Andersen, ved sperringane ved brua og såg over mot marknadsplassen.
Ein av idrettslagets aller viktigaste grunnpilarar, er Hallingmarken. No ser han billettluke, messekontor og vaffelbua bli knust av vatnet.
– Først blir eg frykteleg lei meg, ein kjenner på kor håplaust det er. Så får eg utruleg respekt for dei som har lagt ned tusenvis av timar her. Alt blir no vaska vekk.
Heldigvis er det ikkje meldt om personskader som følge av flaumen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er materielle skader, men alt må byggast opp att. Nesbyen har ei stor oppgåve framfor seg, seier Andersen.
Vatnet tok butikken
Coop-butikken ved Rv7 er hardt råka og står under vatn. Då Hallingdølen vassa bort tysdag, tok Knut Roar Rukke Gjeitsund og Line Holst flaumen med godt humør.
– Ved sjutida var det berre ein dam her. Men frå 8.30 og utover har det verkeleg auka, fortalde dei.
Vatnet skvulpa på trappa til inngangspartiet. Enn så lenge var butikken open, men kundane var få.
– Me har lempa varer så høgt opp frå golvet som mogleg. Inngangen skal sperrast og elbilladarane vart kopla frå før i dag, sa dei.
Men i løpet av kvelden var det klart at det ikkje var mogleg å halde oppe butikken. Og så kom vassmassane for fullt.
– Imponert
Kring 100 personar har siste par døgna vorte evakuert frå utsette bustader. Ein av dei som kom seg ut i tide tysdag kveld, var Mario Stefancic.
– Takk for hjelpa. Det er heilt fantastisk, sa han då han vart sleppt av båten av mannskap frå Nesbyen Røde Kors Hjelpekorps.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rundt huset hans i Stasjonsvegen mot marknadsplassen hadde vatnet stege time for time.
– Eg såg korleis det kom. Det var ekkelt. Og eg var letta då eg såg Røde Kors kom for å hente meg.
Dei evakuerte er innlosjert både i idrettshallen og på Elverhøy helsetun. Mange har også valt å ordne bustad sjølv.
Ordførar Haraldset er imponert over nesningane. Blant dei er det mange som har det tungt no.
Onsdag føremiddag var vatnet tydeleg på retrett. Oppryddingsarbeidet som ventar, blir krevjande og langvarig.
Onsdag prata Haraldset med mange av dei evakuerte i idrettshallen.
– Eg vil rose innbyggarane våre. Dei har det tøft, men det er lite klaging. Eg er imponert.