Teletrøbbel i dalen: – Ikkje mogleg å gi eit tidsestimat
Ekstremvêret Hans har herja i Hallingdal dei siste dagane, og mange opplever å miste mobilnett og dekning.
Hemsedal, Nesbyen, Ål og Nore og Uvdal er, ifølgje Telia, dei ramma områda. Kvart område har fem basestasjonar nede. I Hemsedal fører det til redusert dekning i Lykkja, Gravset og Hemsedal. I Ål er det redusert og manglande dekning i Vats, Leveld og Sundre. I Nesbyen og Nore og Uvdal er områda frå Tunhovdfjorden i sør til Espeset i nord ramma av redusert og manglande dekning.
Ventar på klarsignal
– Alle feila skyldast fiberbrot eller bortfall av kraft, seier pressekontakt for Telia Ellen Cecilie Scheen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at dei er avhengig av Telenor i dei ramma områda, fordi dei leiger transmisjon.
– Telenor ventar på klarsignal for å sende folk inn i rasområda. Derfor tek det tid med feilrettinga, seier pressekontakten.
Ho seier at det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta før situasjonen er normal igjen, men forsikrar om at alle involverte jobbar på spreng. Telia beklagar også ulempene den mangelfulle dekninga har for dei ramma.
Kan ikkje seie noko om tid
Telenors dekningsdirektør Bjørn Amundsen seier at den største utfordringa dei har no er at dei ikkje kjem inn i områda med verken utstyr eller personell.
– Me analyserer no, og ser om me kan ta oss opp til Sangenuten, for å auke kapasiteten derifrå, seier han
Dekningsdirektøren seier og at det ikkje er mogleg å gi eit tidsestimat for augeblikket.
– Før me kjem oss inn i området, kan me heller ikkje starte arbeidet. Me får akkurat no verken sjekka eller starta arbeidet.