Jordskred over eigedommen til Pål K. Medhus. Fram til halv ni tysdag kveld jobba han med å avlede vatnet.

268 personar sit evakuert på ulike hotell: – Me er trygge og får snakka med kvarande

Den store rasfaren gjorde at fleire hundre menneske måtte forlate heimane sine i Hol tysdag. Det kan er uvisst når dei får vende tilbake.

– Det blir ikkje opna nokon vegar inn i området no. Før geologen har godkjent at me kan rydde, skjer det ingenting, seier ordførar i Hol, Petter Rukke.

Det første varselet om evakuering i Hol kom rundt klokka 15 tysdag. Då hadde det gått eit stort ras ved Holsfjorden, og mens evakueringsvarselet var på veg gjekk det eit nytt skred ved Hagafoss. Nokre timar seinare fekk folk mellom Åremyri og Høgehaug beskjed om å evakuere seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag formiddag fortel Rukke at 268 evakuerte i kommunen er samla på Geilo - innkvartert på hotell. Der blir dei inntil vidare.

– Me har fylt opp Vestlia. Nokre bur på Bardøla, nokre på Highland, seier Rukke. Enkelte av dei innlosjerte er også turistar, som ikkje kom seg vidare då ekstremvêret melde seg tysdag.

Spesiell dag

Pål K. Medhus er medansvarleg i Åsvegen som går opp mot Holsåsen. Tysdag starta han med å sjekke vegen. Det var tidleg avklart at den måtte stengjast.

– Medan me var der oppe for å sette opp skilt hadde også brannvesenet sett kursen hit. Då kom det nye skred. Dette var om lag ein time før det store jordskredet kom over Fv50, seier han.

Heime på garden til Medhus vart det også alvorlege problemer.

– Me dreiv på, gode naboar og teknisk etat, som stilte med gravemaskin. Dette skjedde tidleg, då det var mest dramatisk.

På eit tidspunkt gjekk det fleire små skred rundt han. Medhus befant seg midt i i det vesle raset ved Nedremyr. Det var då han skjønte at det var frykteleg vått. Elvene tok mange nye vegar, og arbeidet held fram.

– Me greidde til dels å unngå store skader, sjølv om det var ganske dramatisk, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store vassmassar har fossa gjennom Holsgrenda og skapt fare for sklred.

Vart evakuert

Medhus fortel at det i løpet av natt til onsdag har gått fleire skred over Øvre Holsvegen.

– Eg følte på eit ansvar for eit bustadfelt nedanfor meg. Men klokka halv ni på kvelden kom ein brannmann og var ekstra morsk. Då fekk eg skyss til Geilo.

Han seier det berre var eit par personar som av ulike grunner oppheldt seg i Hol i natt.

– Korleis er stemninga?

– Det har jo gått masse ras. Men me er trygge og får snakka med kvaranrde. Me har rom og husvære til å samle folk, og det er bra.

Både politi og varaordførar er til stades. Onsdag har alle fått den hjelpa dei treng.

– Men det tok nok litt tid før me forstod kor farleg det kunne bli, så ser ein jo no at det hadde me all grunn til. Men fram til me kom oss til Geilo kunne infoen vore betre, seier Medhus.

Pål K. Medhus er evakuert frå Hol til Geilo. - Me er heldige, seier han.

Høgehaug bergar

Ordførar Rukke har ikkje sove eit minutt natt til onsdag. Det har vore meir enn nok å ta tak i. Men i løpet av natta og utover onsdag formiddag har det heldigvis ikkje skjedd større hendingar i Hol, ingen større jordras å snakke om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tysdag var me usikre på om me måtte evakuere Høgehaug også, og bustadfeltet bak sjukeheimen. Det slepp me heldigvis. Då måtte me henta ut rundt 30 personar til, seier Rukke.

Infrastrukturen er ei utfordring. Sivilforsvaret har rykt inn for å vakte vegar, slik at ingen køyrer inn i farleg område.

– Det er greitt å avlaste brannmannskapa, så dei slepp å bruke ressursar på det, seier Rukke.