Slik såg det ut på Sjong rett etter at raset var gått.

Nytt ras: – Me såg det fløymde jordmassar nedover. Det var skremmande

Plutseleg kom raset og feide forbi huset og låven. Det endte opp ved Rv7 og den flaumstore elva.

Hendinga skjedde seint tysdag ettermiddag, ved Sjongsletta i Nesbyen.

Bebuar Kristian Sjong fortel at husa heldigvis gjekk klar av raset, som ikkje var så stort i omfang. Likevel skjedde det i eit av dei områda i Nesbyen der rasfaren er aller størst, ifølgje NVE.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med andre ord: Her har det vore ei reell frykt for ras det siste døgnet.

Ingen skader

Sjong, som bur rett ovanfor campingsplassen på Sjongsletta, var heime då raset gjekk. Det kom rett på oversida av huset.

– Det gjekk forbi huset, ut på Alfarvegen og heilt ned til Rv7 og campingen, seier han.

Der forsvann det i vatnet.

– Elva er så stor no at alt på campingen står under vatn, seier Sjong.

Raset råka såvidt låven og eit anna hus. Men det skal ikkje ha gitt skader på bygga.

– Veit aldri

Mens resten av familien hans pakka sakene og reiste til Gol, valde Sjong å bli verande i huset.

– Eg trur det meste har reist i dette raset. Men ein veit vel aldri, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur ikkje det kjem meir her no, då må det kome frå andre plassar.

Uansett var det lite moro å sjå jordraset kome nedover lia.

– Me såg det fløymde jordmassar nedover. Det var skremmande, det var det, innrømmer Sjong.

Det har gått større ras i området tidlegare. I 2007 vart fleire bustader råka av eit skred som gav skader på både hus og kjellarar, berre nokre få hundre meter frå huset til Kristian Sjong og familien. Same år gjekk det også eit ras ved Smedsgården, som er hans nærmaste nabo.