Eit par ras er gått over vegen i gamle Øygardsvegen i Nore og Uvdal. Vegen er stengt inntil vidare.

Vegen gjennom Øygardsgrend er stengt - blir neppe opna att i dag

Eit skred har gått over gamlevegen i Øygardsgrend i Nore og Uvdal

Vegen er stengt for gjennomkøyring inntil vidare. Dette gjeld Øygardsvegen frå demninga og ned mot Strøm.

Det har gått eit par ras på same stad i same område.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teamleiar drift og vedlikehald i Nore og Uvdal, May Rudi Grøtjorden, fortel at rasa har skjedd i eit område der det har vore skogsdrift.

– Det er eit jordskred, der det har vore vindfall og hogst. Det har vorte dratt med i raset og det har blitt litt ekstra. Men det er under kontroll. Vegen blir nok ikkje opna i kveld, me må sjå an litt, når det har roa seg.

Sjølv om det har vore snillare tilstander i Nore og Uvdal enn hos nabokommunane, er det ikkje heilt utan hinder i løypa. Her tek Uvdalsåne over vegen ved alpinsenteret.

Grøtjorden fortel at det har gått greitt for seg i kommunen i dag, med nokre små hinder på vegen.

– Det har stort sett gått greitt elles, men det er fleire stikkrenner som ikkje klarer å ta unna nok. Elvene rundt om er blitt store og breie, og nokre plassar er det ikkje til å unngå at det kjem vatn inn i vegane. Det er mykje krefter i sving, så me må berre ta det når det kommer.

Elva går over vegen ved Uvdal alpinsenter

Også ved Tunhovdåsen er ein veg stengt på grunn av store vassmengder.

Lovatnbekken har vorte ei elv, og har tatt med seg vegen i hyttefeltet på Tunhovdåsen. Vegen er stengt, men ein kan kome seg til og frå hyttene då det er innkøyring frå begge sider.

Vegen vil vere stengt inntil vidare.

Saka blir oppdatert

Artikkelen held fram under annonsen.