Her held det ikkje berre med ein kjapp klypp

Det verka som ei god ide. Vegvesenet og NSB trengde ein art som kunne binde jorda i nygravne skråningar fort og effektivt. Løysinga vart lupinar. Dei er dessutan fine å sjå på, så også hageeigarane satsa på desse fargerike og lettvinte blomane.

Ikkje alle idear er utan ein pris. Mellom anna fører plasseringa i vegkanten til at frøa spreier seg vidare med trafikken. Dermed har arten på kort tid nådd fram til stader der den ikkje vart sådd ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

For lupinane er standhaftige blomar. Dei breier seg, og er knapt råd å bli kvitt. Sidan kjemikaliar ikkje lenger står særleg høgt i kurs i kampen mot uønskte planter, er det berre ein ting som nyttar. God gamaldags, og svært arbeidskrevjande, luking, der røtene blir med opp. I fjor sommar plukka Statens vegvesen eitt tonn med lupinar langs E134 berre i Kongsberg.

Klypping av lupinane hjelper berre til ein viss grad. Fyrst og fremst må dette gjerast til riktig tid. Det vil seie medan plantene blomstrar, men før dei set frø. Frøa er tidsinnstilte bomber. Dei kan ligge i jorda i lang tid før dei slår til, og startar karusellen att.

Les også
Denne spreier seg raskt i Hallingdal: – Stor trussel mot naturmangfaldet

Vel så gale er det at desse blomane trugar andre, og stadstilpassa, artar. Lupinane er livskraftige, og stenger nede det meste der dei tek til å breie seg. Det er difor ikkje til å undrast over at dei har vore på lista over uynskte planter her i landet sidan 2002. For kvart år som går, kryp lupinane år nærare og nærare høgfjellsområda i Sør Norge.

Også i Hallingdal kan ein stadig sjå skråningar som badar i rosa og lilla fargar, dekt av lupinar i full blome. Naturvernforbundet lokalt jobbar difor med å setje i gang ein ryddeaksjon.

Dei ynskjer å kartlegge fyrst slik, at dei satsar i rett område. På sikt håpar forbundet at både innbyggarar, kommunane og vegvesen ser grunn til å bidra.

Det er me samde i. Både hageeigarar og andre grunneigarar bør kjenne ansvar her. Jo tidlegare ein startar med luking og klypping, til større er sjansane for å få bremsa spreiinga av desse uynskte plantene. Me nyttar ordet sjanse, for det skal mykje til at lupinane blir utrydda.

Det er truleg heller ikkje ynskjeleg. Plantene bidreg trass alt i å halde milevis med vegskråningar på plass.

Les også
«Det er eit sørgeleg syn. Planten har teke over alt»