NU - mannen
Anders Mehlum var fødd i Børsa i Sør – Trøndelag i 1848, og døydde på Sokna i 1942, 94 år gamal. I daglegtale var han kalla Nu – mannen.
Mehlums vener gav ut boka Hallingdal og Hallingen i 1943. Forfattar var Anders Mehlum. Han var utdanna lærar, men vart ikkje mykje lærar. Han byrja som journalist i Morgenbladet, vart seinare bladutgivar, og gav ut eit blad som var ulikt alle andre. Bladet heitte NU.
Alle stubbane i bladet skreiv Mehlum, etter å ha fått dei fortalt av gamle folk. Anders Mehlum var såleis bladmannen som i femti år gjekk garda-miljo i Hallingdal. Han hadde ein kjepp i den eine handa, og ei veske med trykte blad, skrivne notisar og utkast til artiklar i den andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik møtte bygdefolket Nu – mannen, som han vart heitande i daglegtalen. Just Thoner skreiv i DNT – årboka for 1914 om «Nu-mannen» Anders Mehlum, som han titulerer som «vandringsmannen par excellense». Det er ein god introduksjon til hans skriverier.
3000 abonnentar
I perioden 1896 -1932 gav Mehlum ut vekeavisa «NU. Avisa hadde ca. 3000 abonnentar. Mehlum gjorde alt sjølv, som redigering, verving av abonnentar, og distribusjon.
Just Thoner skreiv slik om Mehlum: « Det hører vel med til sjeldenheterne at en enkelt mann har et slikt topografisk og personalt kjendskap til et dalstrøk, som Mehlum til Hallingdal.
Det fins ikke den plass langt borti baklia i Hallingdal, hvor ikke Mehlum har været og fått seg en kaffetaar, ja helst to, thi efter hans beretninger om sine reiser i «Nu» maa det være adskillige hektoliter med kaffi han har satt til livs under færderne i de mange aar, dog uten at det ringeste har afficert hans sundhet. Trods sin alder «66 år» gaar han sine 160 mil på sommeren og han vandrer aaret rundt uten strømper. Anders Mehlum er et godt bevis på vandringslivets sundhet». Skriv Thoner.
Hallingdølen
Sumaren 1940 blir Mehlum intervjua av Hallingdølen. Me saksar:
-Hvor gammel er De nå herr «Numann?
-Jeg blir 92 i august en gang.
- og De arbeider fremdeles?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, jeg har tenkt å skrive i et hundreår til.
Mehlum fortel at medan han er i Ål bur han på Sandåker. Kvar dag går han dei sju kilometrane ned til Ål stasjon, les aviser, drikk kaffi og går opp att til Sandåker. Så arbeider han til utpå morgonkvisten, søv til kl. 12.00, og så er det same programmet opp att.
«Han tenner flittig på pipa, Mehlum, mens vi sitter og prater ved kaffibordet. Jeg røker to – tre esker Karva Blad for veka, og og drikker 20 kopper kaffi om dagen, minst. Det er derfor jeg har blitt så gammel. Kaffi og tobakk gjør meg godt, sier han, tar hatt og stokk og er klar for en spasertur på 7 km opp igjen til Sandåker, for der å arbeide en ny natt og sove en ny dag. Han er original i all sin ferd, Nu-mannen.» Skriv journalisten.
Gløymt
Personlege sorger og bekymringar kjem iblant til syne. Såleis skreiv Mehlum i 1897. «I ferien har det vært en meget dårlig tid for vårt blad i økonomisk henseende. Utgiften er alltid den samme, idet vi som man har sett har hatt få avertisementer.»
Mehlum er gløymt i historiebøkene, men med bladet Nu og sin særeigne personlegdom var han ein markant person i presse- og kulturlandskapet i Norge. Etter Mehlums død samsnakka nokre av venene hans om å samle stubbane i dei sju hefta i ei bok. Ein fem-mannskomite med bonde Håkon Sato på Torpo som lokal representant sette ideen ut i livet. Boka gjekk i trykken i 1943, med boktittel Hallingdal og Hallingen. Den er utgjeve av Mehlums vener.