Frå prat til handling med matavfallet

Miljømedvitne hallingar har i mange år etterlyst sortering av matavfall. Også renovasjonsselskapet, Hallingdal Renovasjon, innrømmer overfor Hallingdølen at dette har dei snakka om i nokre år.

No kjem det. 18 september går den fyste runden med tømming av dei nye dunkane. Mottaka for avfallet frå hytteområda er neste etappe for nyordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er EU som har fått Hallingdal over frå prat til handling. Kravet er utsortering av matavfallet frå 2023. Det er no. Seinare, i 2025, slår kravet om kjeldesortering av tekstilar inn.

Hallingdal er ikkje av dei fremste regionane innan kjeldesortering av avfall her i landet. Me finn heller ikkje Norge på europatoppen innan avfallshandtering. Etter EU sine krav skulle me vore på 50 prosent gjenvinning for to år sidan. I fjor var landet på 44 prosent.

Organisert handtering av avfall er eit fenomen som har utvikla seg mykje dei siste 50-60 åra. Det er ikkje lenger attende enn i 1984 at forbrenningsanlegget i Kleivi erstatta dei lokale søppelfyllingane omkring i dalen.

Bygginga av anlegget som skulle forsyne industrien i Kleivi med varme vart marknadsført politisk med at; «Det er verdiar i søppel».

Før anlegget i Kleivi hadde utviklinga bestått i å flytte dei offentlege fyllingane, (og rottene) lengre vekk frå busetnaden. Dei offentlege fyllingane erstatta forøvrig i si tid private fyllingar i utkanten av tomtene til bebuarane.

No er tida moden for renovasjonsdunk nummer fire. Avfallet blir henta kvar andre veke. Systemet er ein liten dunk til å ha inne i huset, og ein større dunk plassert utandørs. Renovasjonsselskapet satsar sju millionar på utstyr til den nye ordninga.

Selskapet reknar med å ta inn 1500 tonn med matavfall. Dette vil utgjere om lag seks prosent av det totale avfallet som blir samla inn.

I Kleivi vil matavfallet bli laste om i tette containerar som går til Tønsberg. Her blir det omdanna til biogass, som blir nytta som drivstoff i bussar og lastebilar, eller til oppvarming.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fabrikken lovar å gjennvinne 100 prosent av det som er å hente i matrestane som kjem inn. Energien frå matavfallet vårt tilsvarar om lag 200.000 liter diesel pr. år. Gjødselet er nok til å gjødsle 1000 mål med kornproduksjon.

Me meiner Hallingdal kjem seint, men godt, i dette tilfellet.