Terje Gewelt.

Sommarpraten med Terje Gewelt

– Det er mykje som kan løysast over ein god middag, og eitt par glas vin.

Terje Gewelt

Alder: 63 år

Bustad: Nesbyen

Yrke: Jazzmusikar

Kvar i Hallingdal er du helst ein fin sommardag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må vera under parasollen heime på Skogly i Nesbyen med ein kald øl i handa, og så kan eg sjå utover den flotte bygda mi.

Kven vil du spandere ein is på?

– Det trur eg må vera ordføraren i Nesbyen, Tore Haraldset. For det var heilt avgjerande at han støtta offentleg opp Valhallprosjektet, slik at Valhall kunne settast opp på den tomta. Og no skal han tre av, så eg tenke at han fortener ein is.

Ditt verste sommarminne?

– Eg har for det meste berre gode. Men, sommaren 1970, så drog me på ein fergetur til Danmark, og det var storm. Båten vart liggande å ri stormen i Skagerak, og alle vart sjøsjuke. Det er det verste sommarminne eg har. Det vil eg ikkje gjere igjen.

Du kan reise tilbake i tid, kvar vil du?

– Åh, då vil eg til New York på 1950-talet. Også vil eg dra på jazzklubbane der. Det var så mykje flott musikk. Eg ville oppleve alle dei legendariske jazzmusikarane og den legendariske musikken som oppstod.

Du får ein dag som ein annen person, kven?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må vera Wolfgang Amadeus Mozart. Det hadde vore veldig interessant å få oppleve korleis det er å vera så genial musikalsk. Det ville vore artig. Oppleve kva som skjedde oppe i hovudet hans, for det trur eg ikkje er så lite. Det bobla nok over.

Kva får deg til å gapskratte?

– Ein god skrøne er alltid artig å få med seg. Eg har alltid vore svak for Leif Juster.

Du er med i firestjernes middag: Kva tre kjendisar vil du ha med, og kva vil du servere?

– Det er litt vanskeleg. Men eg trur, Vladimir Putin, Xi Jinping, og Joe Biden. Også ville eg servert Terje sin spesial. Det er kylling med sterk chili, lauk og kvitlauk, over spagetti, med ein god barolo. Då skulle me sitte å ete til me fann ut av løysinga på problema i verda, og ingen skulle få gå før alt var løyst. Det er mykje som kan løysast over ein god middag, og eitt par glas vin, då kan ein bli einig om mykje.

Kva gjer du i ferien i år?

– I år skal me vera for det meste heime i Nesbyen, og litt i Larvik der eg er i frå. Så det blir Larvik og Nesbyen.