Håvard Bøkko har fleire terrengritt på merittlista. Her under Gaurhovdrittet i fjor. Torsdag prøvde han seg på landevegsritt. (Arkivfoto)
Håvard Bøkko har fleire terrengritt på merittlista. Her under Gaurhovdrittet i fjor. Torsdag prøvde han seg på landevegsritt. (Arkivfoto)

For seigt for Bøkko

Håvard Bøkko hadde lite å stille opp med i møtet med landets beste landevegssyklistar.

Sykkel/Skøyter: Høværingen stod på start då temporittet under NM gjekk i og kring Brummundal torsdag.

På førehand meinte han at eliten ville bli tøff å slå, og Bøkko fekk rett om debuten i NM landeveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

På eit tidleg startnummer la skøyteløparen ut på den nesten fem mil lange løypa.

For tungt

Han kom i mål til femte beste tid, og brukte 1.12.54 på rittet.

Høværingen var fornøgd med tempodebuten, sjølv om han måtte innrømme at det vart tungt i den kuperte løypa.

– Det var mykje stigning. 500 høgdemeter er mykje for ein feit kar som meg, sa han til Aftenposten i mål.

Han var klar på at vinnarsjansane var små.

– Eg passerte hvertfall to, så eg blir ikkje sist. Eg trur vinnaren slår meg med ti minutt, sa Bøkko til nettstaden procyckling.no etter målgang.

Hagen vann

Edvald Boasson Hagen viste lovande takter før Tour de France-returen om ei knapp veke.

MTN-Qhubeka-ryttaren vann NM-gullet i suveren stil. Torsdag vann han med to minutt og seksten sekund. Andreas Vangstad vart nummer to. Bøkko vart til slutt nummer 57, over elleve minutt bak Boasson Hagen. Vegard Stake Laengen, som er halvt halling, vart nummer fire. Team Joker-ryttaren var tre minutt og åtte sekund bak vinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konkurransetrening

Som mange skøyteløparar har også Bøkko timane sine på sykkelsetet.

Han har vore med på fleire terrengritt. Mellom anna har både Skarverittet hatt Bøkko på start, og i fjor var han på pallen i Gaurhovdrittet på Torpoåsen. Ideen om NM-deltaking kom etter at han var tilskodar på Eidsvoll i fjor, og skaffa seg temposykkel. Om han blir eit fast innslag i meisterskapen i åra som kjem er likevel usikkert.

– Du skal ikkje sjå bort ifrå at eg stiller igjen, så sant det ikkje blir for langt unna. Blir det i Kautokeino, så stiller eg vel neppe, sa Bøkko til Aftenposten.