236 ungdommar på leir: – Høgdepunkta har vore sykling, tryning på sykkel og airsoft!
Klokka har akkurat blitt 10 og 4H campen kokar. Dei 236 deltakarane har ein by-rebus på programmet. Leiren har så langt bydd må mykje action.
4H Buskerud har fylkesleiar på Nesbyen denne veka. På marknadsplassen er stemningar på topp. Her prøver dei 236 deltakarane fritt etter 4H-løftet å bli ein ungdom som arbeider mot det mål å styrke hjarte, helse, hovud og hender.
– Høgdepunkta har vore sykling, tryning på sykkel og airsoft, forklarar gutane Iver Brennhovd og Eskild Berget Kjeldsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje utval
I går kunne deltakarane blant anna velje mellom bading på Tropicana, airsoft, leirdueskyting, bakst på steinomn, og korleis produsere ein skinnfell. I kveld feirar heile campen sankthansaftan på Trytejern. Der er dei lova motorsag-show og bading.
– Me skaper stemninga
Camilla Nordskog og Martine Braathen er over 18 og dermed ein «alumn» som det heiter på 4H-språket.
– Me er ikkje med på klubb aktivitetar lenger, berre med på fylkesnivå. Og så er me ansvarleg for nokre kurs, aktivitetar og ikkje minst miljøtorget her på leiren.
Miljøtorget kvar kveld og tilbyr kiosk, musikk, lys og underhaldning. Torsdagens var bingo og grip mikrofonen.
– Det er me som lagar liv!