Aal pensjonat.
Aal pensjonat.

Nytt penge-tjuveri

Eit latviar er arrestert og sikta for grovt tjuveri i Ål.

For tredje gong på kort tid er det stole pengar frå kasseapparat i Hallingdal.

I Nesbyen vart det stole pengar frå ein frisørsalong midt i arbeidstida, mens Thoen Hotell fekk nattleg besøk i førre veke. Her vart det stole pengar frå to kasseapparat. I helga var det innbrot og tjuveri av pengar frå eit kasseapparat på Aal pensjonat i Ål. Han vil bli framstilt for varetektsfengsling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterforskingsleiar Brit Fyksen vil ikkje seie noko om dei mistenker latviaren for også å ha stole pengar frå frisørsalongen og hotellet i Nesbyen. Men rutinemessig samlar politiet alle saker med same modus.