129 km/t i 80-sona
Politiet har stoppa fleire fartssyndarar på Rv7 gjennom natta.
Utrykkingspolitiet hadde laserkontroll like nord for Nesbyen fredag kveld.
Det resulterte i seks forenkla førelegg og ei oppretta politisak. Syndaren for sistnemnde hadde ei målt hastigheit på 129 km/t i 80-sona. Sjåføren vart fråteken førarkortet på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laserkontrollen vart gjennomført like før klokka 22.
Berre nokre timar seinare stoppa utrykkingspolitiet endå ein fartssyndar på Rv7.
– Dette var ingen laserkontroll som var sett ut, men ein bil som har blitt målt over lengre tid. Det etter ein politipatrulje som observerte bilen og hastigheita, fortel operasjonsleiar hjå Sør-Øst politidistrikt Per Eftang.
Han kan ikkje informere om kor lenge bilen vart fylgt.
Klokka 02 stoppa utrykkingspolitiet bilen like ved Nesbyen. Då hadde dei målt 116 km/t i 80-sona på Rv7.
Politiet oppretta sak og sjåføren vart fråteken førarkortet.