Jørgen Haraldseth står midt i det som skal bli eit bustadfelt - og som han no sel til kommunen.

Politikarane tek grep - blar opp 4,4 millionar for bustadfelt

Det er full politisk semje i Nesbyen om kjøpe eit privat bustadfelt.

Det er bustadfeltet Briskebyen 2 det dreier seg om. Dette er eit område på Nesbyen austside som Jørgen Haraldseth gjennom selskapet Trollsetutsikten AS ville utvikle. Men etter at kommunen tok eit initiativ overfor Haraldseth om kjøp, vart det inngått ei intensjonsavtale, og eit samrøystes formannskap foreslår at kommunen kjøper bustadarealet. Reguleringsplanen vart vedteke i mars i år. Prisen er 4,4 millionar kroner. Saka kjem opp i kommunestyret 15. juni.

– Eg trur det er ein fordel at kommunen har ei hand på rattet, seier ordførar Tore Haraldset frå Bygdelista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her treng dei fleire barnehageplassar: – Dette er ei gladsak

Treng bustader

Det har vore skrikande mangel på bustader i Nesbyen. Men no ligg tre leilegheitsprosjekt i startgropa med til saman over 20 leilegheiter. I tillegg kjem det 40 dekar store bustadfeltet Briskebyen 2 med omkring 38 einingar, som kommunen kjøper. Frå før har kommunen 19 ledige tomter i bustadfeltet Østenforskogen, der det også i tillegg er ni ledige private tomter. Men dette er ein liten tomtereserve for ei kommune som har som mål å få fleire innbyggjarar på kort og lang sikt, blir det påpeika i saksutgreiinga.

Les også
Innbyggarane vart høyrt: – Flott at alle parti tek uroa vår på alvor

Kommunen kjøper

Politikarane har innsett alvoret, og vedteke å kjøpe bustader/eigedom innanfor ei ramme på 18,9 millionar i år. I tillegg vart det i budsjettet vedtaket å løyve to millionar til kjøp av bustadtomter og næringsareal pr. år fram til og med 2025. Den totale ramma for kjøp av bustader og eigedom i 2023 er derfor på 20,9 millionar. Det er alt inngått avtaler om kjøp av tre leilegheiter for omkring 11,5 millionar. Med kjøpet av Briskebyen 2 har kommunen derfor brukt 15,9 millionar av den vedtekne ramma på 20,9 millionar.

Les også
Vil legge ny veg utanom bustadfelt: – Me har oppnådd to saker: Det blir bygd bustader og me sikrar tryggleiken

– Viktig steg

Kommunedirektøren vurderer det som eit viktig steg at kommunen kjøper Briskebyen 2. Han meiner at ein såleis legg til rette for ein effektiv utbygging av feltet med prisar som er tilnærma kostpris for kommunen.