Gustav Rosberg Vøllo tok gull i storslalåm under dei internasjonale barnerenna i Pokal Loka.
Gustav Rosberg Vøllo tok gull i storslalåm under dei internasjonale barnerenna i Pokal Loka.

Vart uoffisiell verdsmeister

Gustav Rosberg Vøllo imponerte stort under dei internasjonale barnerenna i Pokal Loka.

Alpint: Ti alpinistar mellom 14 og 16 år representerte Norge i Pokal Loka i Slovenia i helga.

Gustav Rosberg Vøllo frå Hemsedal var best av alle då gutane køyrde storslalåm laurdag. På eit tidleg startnummer tok han leiinga, og ingen av angrepa bakfrå lukkast. Nærast var franske Victor Besson. Han var seks tidelar bak Vøllo, som vann klart. Renna samla 280 løparar frå 34 nasjonar, og er nesten som eit uoffisielt VM for desse årsklassane. Kvar nasjon stilte med tre løparar i kvar årsklasse, og dei norske deltakarane vart klare etter kvalifiseringsrenn tidlegare i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagmedaljar

Helga starta godt for dei norske alpinistane.

På opningsdagen var ein parallellcup ein del av opningsshowet utanfor slottet i byen. Der tok det norske laget sølv.

I tillegg vart det fleire medaljar i løpet av helga. Det gjorde sitt til at det norske laget vann lagkonkurransen totalt. Dei hadde 189 poeng, suverent framfor Tyskland, som var nærast med 125 poeng.

Gustav Rosberg Vøllo på toppen av sigerspallen. Victor Besson frå Frankrike (t.v.) og Samuel Kolega frå Kroatia tok andre- og tredjeplassen.
Gustav Rosberg Vøllo på toppen av sigerspallen. Victor Besson frå Frankrike (t.v.) og Samuel Kolega frå Kroatia tok andre- og tredjeplassen.
Gustav Rosberg Vøllo vart best av u16-gutane i Slovenia. (Arkivfoto)
Gustav Rosberg Vøllo vart best av u16-gutane i Slovenia. (Arkivfoto)

Køyrde seg opp

Sundag vart meisterskapen avslutta med slalåmrenn.

Der var Vøllo uheldig og fekk eit seint startnummer. Han starta som nummer 76 av 85 gutar og fekk ei utfordring i den blaute og oppkøyrde løypa. Trass i forholda køyrde han godt, og var nummer ti etter fyrste omgang.

I andre omgang køyrde hemsedølen fort. Men undervegs gjorde han ein feil og hamna på innerski. Han måtte tråkke litt opp i løypa for å gjennomføre, men køyrde seg likevel opp fire plassar. Til slutt vart han nummer seks. Samanlagt var han best av alle gutar i U16. Premien var startnummer som prøvekøyrar under verdscuphelga i Kranjska Gora i mars, men det går samtidig som hovudlandsrennet, som i år går i Hemsedal og på Geilo.