Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad (Sp), opnar opp for ein debatt om EU. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Fleire seier ja til norsk EU-medlemskap – støtta til EØS-avtalen er rekordlåg

Medan andelen nordmenn som vil inn i EU aukar, har ikkje støtta til EØS-avtalen vore svakare sidan 2017.

Det viser ei ny måling gjennomført av Sentio for Nationen og Klassekampen. Av dei som no er førebudde på meir debatt om EUs betydning for Noreg, er Senterpartiets parlamentariske leiar, Marit Arnstad.

– Det å få meir informasjon og debatt om EU er berre bra. Det kan godt hende at vi i nokre år har hatt for lite debatt om Noregs tilknyting til EU og kva konsekvensar ein eventuelt norsk medlemskap ville hatt for viktige samfunnsområde i Noreg, seier Arnstad til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis eit stabilt fleirtal på 56 prosent mot norsk medlemskap i EU. Andelen som seier ja aukar likevel til 33 prosent – frå 27 prosent på førre måling.

I målinga svarer 24,8 prosent at dei ville ha stemt nei dersom det var folkeavstemming om EØS-avtalen. Det er den høgaste andelen på tre år. Samtidig svarar ein rekordstor andel på nesten 23 prosent at dei ikkje veit. Eit fleirtal på 52 prosent seier likevel ja til å behalde avtalen.

– Den mest openberre forklaringa er kanskje energi- og straumsituasjonen. Det gjer nok at folk blir meir merksame på at vi blir bunde av ein del direktiv og regelverk som ikkje nødvendigvis er til fordel for Noreg, seier Sp-toppen. (©NPK)