Dette bygget langs Rv7 i Gol er til sals.

No er den gamle kroa til sals: – Ingen av barna er interesserte i å ta over

Gol Bistro, eller gamle «Pers kro» i Heradvegen er lagt ut for sal.

Bygget har ei lang historie som serveringsstad, og var mellom anna ein populær stoppestad for sjåførar då det gjekk under namnet «Pers kro». I seinare tid har fleire konsept vore innom dørene, og i dag pryder skiltet med «Gol Bistro» inngangen.

Det er Otto Christophersen som eig bygget, som ligg like ved Rv7 og Shell-stasjonen i nedre Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor vil du selje?

– Ingen av barna er interesserte i å ta over, og eg tek til å bli for gamal sjølv, svarar han.

Christophersen begynte å drive plassen tidleg på 2000-talet. Eit par år seinare kjøpte han også eigedomen. Han fortel at det ikkje har vore aktivitet på kroa sidan november i fjor. Men i tillegg til serveringslokale er det også bygd opp eit catering-kjøkken på eigedomen.

Her har Otto Christophersen drive med produksjon av småmat gjennom selskapet Hallingdal Småmat DA.

Det har kkje vore aktivitet på kroa sidan november i fjor. No er ho til sals.

– Vil denne biten halde fram etter salet?

– Det kjem an på dei som kjøper, om dei er interessert i å leige ut dette kjøkkenet til meg eller om dei ønsker å ta over heile plassen, svarar Christophersen.

Bygget er i seg sjølv reist på 1970-talet, men vart totalrenovert i 2000, og har blitt utvida. Prisantydinga er på 6,5 millionar kroner.