Innbrotstjuven eller tjuvane tok seg inn i butikken ved å fjerne listene rundt eit vindauge og fjerne det. Arnstein Skår i politiet sikrar spor etter innbrotet.
Innbrotstjuven eller tjuvane tok seg inn i butikken ved å fjerne listene rundt eit vindauge og fjerne det. Arnstein Skår i politiet sikrar spor etter innbrotet.

Har gjort tekniske undersøkingar

Politiet har ikkje lenger mistanke knytt til ein kvit varebil etter gullsmedinnbrptet i Gol i natt.

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 02.43 natt til fredag etter at alarmen i butikken gjekk. Kort tid etterpå var både politiet og innehavaren på staden.

Tjuvane hadde fjerna lister rundt vindauget og fjerna heile vindauget før gjerningsmennene tok seg inn i butikken. Politiet ser ikkje bort ifrå at det har vore fleire personar involvert i innbrotet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet hadde fredag morgon ikkje oversikt over kva som var stole.

Politiet fanga interesse for ein kvit varebil som forsvann på Rv52 i retning Robru. Dermed var jakta i gang. Frå klokka 03.00 i natt var fleire politipatruljar og eit politihelikopter ute og leita etter den kvite varebilen.

Fredag ved 12-tida slo politiet fast at bilen ikkje lenger er i politiets søkelys.

Tjuvane har romstert i butikklokala under innbrotet.
Tjuvane har romstert i butikklokala under innbrotet.
Arnstein Skår i politiet jobbar no med å sikre seg spor etter innbrotet i Gol i natt.
Arnstein Skår i politiet jobbar no med å sikre seg spor etter innbrotet i Gol i natt.

- Tipset om kvit kassebil er sjekka ut og ikkje aktuelt lenger, skreiv politiet på Twitter.

– Korleis jobbar politiet vidare med denne saka?

– Me kjem til å gå gjennom all videoovervaking i sentrum, og det vil kome kriminalteknikarar til Gol for å sikre spor, fortalde operasjonsleiar Ole Kristian Bækkedal til Hallingdølen fredag morgon.

Dei kriminaltekniske undersøkingane på staden er no gjennomført.

Politiet ber folk som observerer ting langs vegane i området i natt om å kontakte politiet.