Spar vil tilbake til bygdebutikken
Ferske varer, varme rettar og ein kjøpmann som har tid til kundane skal sikre framtida for Åls nyaste matvarebutikk.
9. februar opna Spar butikk på Sundre i Ål. Butikksjef Jarle Simonsen fortel om stor trafikk kvar dag sidan.
Sjølv vil han vera ein gammaldags kjøpmann som oppheld seg meir i butikken enn på kontoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skal ha tid til å hjelpe, og til å slå av ein prat med kundane, lovar han.
Satsar på ferskvare
– Coop har nettopp lagt ned, er det marknad for ein tredje matbutikk på Sundre?
– Eg trur det, og med ferskvarelinja har me noko ekstra, seier Simonsen.
Ferskvarelinja startar når ein kjem inn døra med ein stor frukt- og grønsaksdisk, held fram forbi nysteikte bakarvarer og til hjarta i butikken: disken med ferskt kjøtt og fisk.
– Me skal bruke litt tid på å byggje opp ferskvaredisken etter kvart som me ser korleis trafikken blir. Eg har stor tru på dette, seier kjøpmannen, som meiner det vil stoppe noko av handelslekkasjen til Gol.
Eventyrleg start
Oppstarten har vore over all forventning. Allereie har butikksjefen tilsett tre nye personar, og har til saman 17 tilsette.
Ein seier gjerne at dei fire fyrste dagane speglar ei vekesomsetning. Dersom dét held fram, hamnar butikken fem-seks millionar over budsjett på årsbasis.
– Eg tør ikkje spå at det blir slik, men det ser lovande ut, seier Simonsen. Han har sett av to år til å etablere seg skikkeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har tru på bygdebutikkonseptet, og hevdar kjeda hans ikkje er så mykje dyrare enn konkurrentane.
– Når me i tillegg kan tilby varme middagsrettar, eller til dømes selje deg ein halv gris oppdelt i ribber og kotelettar, kan me tilby noko meir, forklarar han.
Meir parkering
Butikken ligg i 1. etasje i nybygget på den såkalla Esso-tomta.
Sjølv om butikken ligg oppe i sentrum, håpar Simonsen at også hytteeigarane vil bruke han. Med opning rett før vinterferien, og påska som står for tur, er butikksjefen optimistisk.
I likskap med dei to konkurrentane på Sundre har også Spar sundagsope.
Førebels er det litt trongt med parkering. Men når eit parkeringshus i kjellaren etter kvart tek unna noko, og ein får rydda opp etter byggearbeidet, blir det 70 parkeringsplassar utanfor butikken.
Eg har stor tru på dette.
Jarle Simonsen