Søket etter Einar (59): Ber folk og bedrifter sjekke overvakingskamera
Politiet har fått mange tips etter at dei gjekk ut med at Einar Haraldset (59) er sakna. Men ingenting har så langt ført etterforskinga i ny retning.
– Me behandlar tips som kjem inn, men søker framleis etter meir informasjon. Meir kjøt på beinet, seier politioverbetjent Odd Halvard Seterdal.
Leiteaksjonen, som starta i Ål måndag, vart avslutta tysdag kveld. Onsdagen kom utan noko nytt, aktivt søk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er ferdig med å søke gjennom dei teigane me hadde bestemt oss for å ta, seier Seterdal. Han fortel at aksjonen tysdag dreidde seg om å søke etter ein fast modell.
– Me søkte der det statistisk sett ville vere størst sjanse for å finne han, med utgangspunkt i siste kjente observasjon. Då me var ferdig med det, gjekk me over til å søke ut frå tips me har fått inn.
Mykje tips
Politiet gjekk tidleg ut tysdag formiddag med namnet på den sakna mannen, og i samråd med familien gir dei også løyve til å bruke bilete av han. Politiet har eit håp om å få hjelp frå publikum.
På ettermiddagen sende dei også ut ei massevarsling på tekstmelding med følgjande tekst:
«Mann cirka 60 år savnet fra Ål. 187 cm, mørkt grått hår, normalt bygd. Kan være andre steder i Hallingdal. Opplysninger kan rettes til politiet, 02800».
– Me har fått inn mange tips. Til dømes har mange meldt at dei har funne fotspor i hagen sin. Det har vore mykje fotspor etter leitemannskap. Men me ønsker heller at folk tipsar for mykje enn for lite, seier Seterdal.
– No jobbar me med å tette alle hol, ut frå dei tipsa me har fått. Det kan vere at me vil få inn nye opplysningar som gjer at me set i verk ein ny leiteaksjon, seier han.
Sjekk kamera
I tillegg til å følgje opp tips har politiet jobba i fleire andre retningar. Blant anna har dei henta ut videobilete frå diverse overvakingskamera. Det har ikkje kome noko ut av dette så langt, men Seterdal har ei oppfordring:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har bedt folk sjekke uthus, andre bygg og hytter. Me ber om at dei også sjekkar eventuelle overvakingskamera. Dette gjeld bedrifter også, at dei sjekkar kamera ved forretningsbygg og industribygg, seier han.
– Kan den sakna ha reist ut av Hallingdal?
– Det har vore eit tema, og er noko me ser på. Me jobbar etter to hovudhypotesar - han kan ha blitt borte i nærområdet, i Ål eller i Hallingdal. Men han kan også ha reist ut av dalen, seier Seterdal.
Godt håp
Alle tilgjengelege politiressursar i Hallingdal deltok onsdag i etterforskinga. I tillegg får dei bistand frå andre delar av distriktet til å ettergå til dømes elektroniske spor som mobiltrafikk og bankkonto.
– Det har ikkje kome nye opplysningar der.
– Korleis vurderer de situasjonen - har de godt håp om å finne han?
– Det har me. Me veit også at han er ein friluftsmann, som ofte har gått ut godt kledd. Så me har absolutt håp om det.