Har du rydda i skåpet?
Kanskje fant du ein ullgenser du ikkje brukar, eller eit par sko som barnet ditt har vakse ifrå? Tysdag har fotballgruppa i Ål innsamlingsaksjon for flyktningar i dalen.
– Me ønskjer oss det meste. Dei som har kome manglar alt frå klede og sko til sjampo, såpe og enkle toalettartiklar, seier Bente Nestegard, styremedlem i Ål IL fotball.
Flyktningkrisa er for lengst eit faktum. Berre i Hemsedal bur no rundt 300 syriske flyktningar medan dei ventar på plass på eit ordinært asylmottak. Mange av dei kom i sommarklede. Tysdag samlar fotballgruppa i Ål inn utstyr så flyktningane kan gå hausten i møte betre rusta.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er haustferie no. Mange hallingar ryddar i hagen, ryddar inne, ser over ting og finn kanskje utstyr dei ikkje lenger treng. Me håpar alle tek ein titt på loft og i kjellar og leverer til oss, seier Nestegard, som er initiativtakar til innsamlingsaksjonen.
Stad for levering tysdag ettermiddag og kveld, er fotballgruppa sitt klubbhus på Bråta. Frivillige som vil hjelpe til med å sortere eller køyre utstyret ut til dei som treng det blir ønskt varmt velkomne.
– Me merker alt at folk verkeleg engasjerer seg. På Facebook skjønte eg at mange ville hjelpe, men at det er litt vanskeleg å få levert. Folk lurar på kven dei skal kontakte. No kan dei kontakte oss, seier Nestegard.