Ein freda steinkulvert blir sett i stand. Det har ført til at Fv40 gjennom Numedal har vore stengt sidan 14. november.

Fylkesvegen har vore stengt sidan 14. november: – Kva skjer?

14. november vart Fv40 gjennom Numedal stengt. To og ein halv månad seinare må folk framleis ty til omkøyringsvegen.

Fyrst vart det meldt at fylkesvegen skulle opnast att 1. januar. Så kom ny melding om 1. februar. No er det snakk om 31. mars, tre månader lenger enn fyrst antatt.

– Kvifor tek det så veldig mykje lenger tid enn opphavleg planlagt, spør ein Hallingdøl-lesar frå Nore og Uvdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegarbeidet går føre seg ved Steinkloppbekken på grensa mellom Rollag og Flesberg.

Les også
Jordvern kan trumfe planar om ny butikk her

Freda anlegg

Seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Viken fylkeskommune, Bjørn Nyhus har svaret:

– Det blir restaurert ein steinkulvert som går under Fv40 og Numedalsbanen. Banen er freda; derfor blir også steinkulverten omfatta av dette. Det er rett og slett ein tidkrevjande jobb, fortel Nyhus.

Ein freda steinkulvert blir sett i stand. Anlegget var bygd i samband med opninga av Numedalsbanen i 1927.

Steinkiste

Det er ikkje berre å grave opp kulverten og erstatte den med ei ny, solid stikkrenne. Byggverket skal plukkast ned og byggast opp att. Lokalt blir slike steinkulvertar kalla steinkiste.

Kulverten er 38 meter lang, 2,85 meter høg og 1,45 meter brei. Botnen på kulverten ligg ni meter under asfalten på Fv40. Han vart bygd til Numedalsbanen som vart opna i 1927 og er ein del av kulturminnebestanden langs Numedalsbanen.

Knekte steinar

Det er med andre ord eit omstendeleg arbeid som har halde på sidan 14. november.

– Me visste ikkje kor omfattande arbeidet ville bli før me avdekte kulverten. Det var knekte steinar i konstruksjonen, og eit meir krevjande arbeid enn fyrst tenkt, seier Bjørn Nyhus.

Les også
Her har dei gått frå to til fire politibetjentar: – Eit skritt i rett retning

Det er Bane NOR som kostar utbetringsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til utbetring av den gamle kulverten, blir det lagt røyr med diameter 1800 mm ved sida, og litt høgare i fyllinga for å vareta omsynet til flaum og avrenning.

Arbeidet begynner å bli ferdig. Planen er å opne fylkesvegen att innan vinterferien.

Opning til vinterferien

Nyhus fortel at dei no er ferdig med å reparere kulverten. Lekkasjen er tetta og arbeidet med å fylle på att har starta.

– Planen er å asfaltere i veke sju, det vil seie midt i februar. Me tek sikte på å opne vegen til vinterferien i veke åtte, seier Nyhus.

Det kan med andre ord bli opning tidlegare enn det som sist er varsla.

I perioden arbeidet har gått føre seg, har bilistane vorte omdirigert til Fv2782 på andre sida av elva, mellom Flesberg og Djupdal. Dette er ei strekning på 13,8 kilometer.

Les også
Har halde på med reklame i 30 år: – Forholda for sjølvstendig næringsdrivande er for dårleg
Les også
Grønt lys for fleire hytter: – Nokre av hyttene kan sjåast frå Nesflata når sola står på
Les også
Frontkollisjon på Rv7 - ein person sendt til sjukehus i luftambulanse