Midt i Rødberg ligg det eit kontor med god utsikt til sentrum frå 2. etasjen. Her sit Bjørg Anita Jensen å jobbar med forskjellig innanfor reklame og magasin. Dei siste 26 åra har ho hatt kontoret sitt her. Dei fire fyrste åra til Reklamemakeriet var i gamle jernbanelokala.

Har halde på med reklame i 30 år: – Forholda for sjølvstendig næringsdrivande er for dårleg

I 30 år har Bjørg Anita Jensen drive Reklamemakeriet i Rødberg. - Ei spennande reise med mykje erfaringar, seier ho.

Midt i Rødberg ligg det eit kontor med god utsikt til sentrum. Her jobbar Bjørg Anita Jensen med forskjellig innanfor reklame og magasin. Dei siste 26 åra har ho hatt kontoret sitt her. Dei fire fyrste åra heldt Reklamemakeriet til på jernbanestasjonen..

Tilfeldig

Bjørg Anita Jensen voks opp i Uvdal, og er akkurat ung nok til at ho kunne starte på Numedal videregåande skole. Det var nok mange mødrer rundt om i kommunen som var glade for å kunne behalde ungane heime litt lenger, for no kunne dei pendle med bussen til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg visste ikkje kva eg ville bli, det vart tilfella som førte meg til dit eg er i dag, fortel Jensen.

– Eg valde å ta tre år med teikning, form og farge. Aberet var at der fekk eg ikkje nokon generell studiekompetanse. For å gå vidare, måtte eg eventuelt ha begynt heilt på nytt, og det var eg ikkje klar for. Så eg enda opp på ein privat skule i Oslo, Wolff dekorasjon og reklameskule. Der fordjupa eg meg i stands og messer. Helst ville eg ha hatt plakat eller interiør, men der var det ikkje plass. Eg lærte likevel mykje.

Les også
Manufaktur i over 80 år: – Det har gått i éin dur

Tida kom då ho måtte ta eit val, heim til Nore og Uvdal eller finne seg jobb i Oslo.

– Eg søkte på jobbar, alt frå møbelforretningar og til aviser. Men eg fekk ikkje napp, og lommeboka begynte å bli tom. Etter to år på skule, var kjærasten min klar for at eg skulle kome heim. Så då blei det slik. Eg flytta heim og tok småjobbar her og der, både som vikarassistent på Uvdal barneskole og vaskejobb i kommunehuset.

Så kom moglegheita ho hadde venta på.

– Det var eit firma på Rødberg som dreiv med reklame. Eg og ein til kjøpte dette. Her jobba eg i godt og vel eitt år. Då starta eg opp firma sjølv; Reklamemakeriet. Dei fyrste lokala eg hadde var i billettluka på gamle jernbanestasjonen i Rødberg.

Det første kontoret til Bjørg Anita Jensen på jernbanestasjonen i Rødberg. Her skimtar ein den gamle Macen og billettluka som framleis er der.

Der alt starta

– I jernbanestasjonsbygget hadde eg det fint, det var eit artig lokale. Bak meg der eg sat og jobba, var den gamle billettluka, og eg hadde ein gamal, rund og svart vedomn som gjekk heilt opp til taket. Det var ofte kaldt i det gamle bygget, men då la eg i omnen og det vart godt og varmt der, fortel Jensen.

Les også
Hjelper folk med å finne perlene

Jensen syns det var eit godt lokale og det var sentralt og fint. Men etter fire år fekk ho tilbod om å flytte opp i sentrumsgata.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg følte det var sentralt og fint der eg var, eg. Men når desse lokala eg er i no, vart ledig, vart det freistande å flytte endå meir sentralt. Etter det har eg vore her i 26 år, med dei same veggene og utsikta.

– Eg følte det var sentralt og fint der eg var, eg. Men når desse lokala eg er i no, vart ledig, vart det freistande å flytte endå meir sentralt. Etter det har eg vore her i 26 år, med dei same veggene og utsikta, seier Bjørg Anita Jensen.

Set sine spor

Tanken var å kunne levere alt ei bedrift treng av reklamemateriell, som klede, logoar, skilt, banner, informasjonsskriv og plakatar.

– Eg starta med å jobbe meg opp ein kundekrets, og eg laga mykje reiselivsmagasin og slikt. Eg hadde kundar i både Hallingdal og Numedal. Eg lagde skilt og infoplakatar for Statens naturoppsyn. Det er litt moro å sjå at det framleis er spor etter meg frå den tida, for det hender framleis at eg ser eit og anna skiltet som er mitt, fortel Jensen.

I dag har ho mykje oppdrag frå kommunen, og ho fokuserer på små bedrifter.

– Det er mykje som har forandra seg i Reklamemakeriet gjennom åra, det er ikkje berre logo og reklame me lagar. Det er like mykje infomateriell, magasin, menigheitsblad og liknande, og mange av oppdraga får me av kommunen. Dialekt-produkta er jo populære, det er trykt opp genserar i forskjellige fasongar, t-skjorter, handlenett og diverse. Me har laga på uvdøling, rølling, noring og tinndøling.

Bjørg Anita Jensen jubilerer, 30 år i eigen bedrift.

Mykje aleine

Det er ofte slik at ein må jobbe mykje sjølv for å få små bedrifter til å gå rundt. Dette har Bjørg Anita Jensen fått prøvd seg på gjennom dei siste 30 åra.

– Det er jo som oftast sånn at ein kan ikkje lønne fleire, og må jobbe mest mogleg sjølv. Det har jo vore innom nokre få gjennom åra. Nokre elevar på utplassering og eit par samarbeid. Men i dag har eg ei som jobbar her i deltid. Ho hadde vore innom meg i praksis. Då ho starta hos meg i 2019, kom ho med breikompetanse frå skulegang og læretid i avis og trykkeri. No håper eg på fleire og større oppdrag så eg kan behalde henne, seier Jensen.

Ynskjer deg betre vilkår for sjølvstendige

– Forholda for sjølvstendig næringsdrivande er for dårleg. Her kan eg nemne fleire ting, for eksempel sjukemeldingsordningar. Dei som er fast tilsett veit ikkje kor godt dei har det. Men me tek eit val. Trivst du i jobben og har nok til å leve så er det greitt. Alternativet er jo å ta ein jobb som ein kanskje ikkje trivst i, meiner Bjørg Anita Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Takksam

Blir det stor feiring?

– Me hadde prata om å lage til ei slags feiring, men det har liksom kokt litt bort i kålen. Det har vore mykje å gjere og eg har gløymt det litt bort rett og slett. Det blir nok ikkje gjort så stort ut av jubileet, men eg må få seie at eg er takksam for alle samarbeidspartnarar og alle dei som har brukt Reklamemakeriet gjennom åra, eg er godt fornøgd med 30 år, seier Jensen.

Les også
No kan du hive deg på sparken i sentrum: – Skal vere ei sparkande bygd
Les også
Klaga på usakleg forskjellsbehandling - avvist av politikarane
Les også
120 brannfolk deltok i sløkkinga av storbrannen - så mykje kosta aksjonen