Ein betre dag på jobben
Pål Golberg revansjerte ei skuffande klassiskopning med ei god plassering i fristil.
Pål Golberg var ikkje fornøgd med klassiskrennet fredag.
Laurdag fekk han sjanse til å revansjere 49.plassen, då langrennsløparane gjekk 15 km fristil på Beitostølen. Golberg passerte både seks- og tikilometersmerket ti sekund bak teten, og viste at han har både form og forbetring på gang i skøyting ved å halde avstanden til teten. I mål var han til slutt 35,8 sekund bak teten, og vart nummer 12.
Artikkelen held fram under annonsen.
Martin Johnsrud Sundby gjorde som fredag, og vann rennet i suveren stil. Bak han var Petter Eliassen næraste utfordrar, føre Didrik Tønseth som også sikra sin andre pallplassering på to dagar.
Sundag står sprint på programmet. Renna i helga er fyrst og fremst ein formtest for landslagsløparane, og ein moglegheit for dei utanfor til å kjempe om verdscupstartar. Neste helg startar verdscupen i finske Kuusamo.