Golberg til Davos
Etter ei helgs pause er Pål Golberg klar for nye verdscuprenn.
Pål Golberg (25) stod over World Cup-løpa på Lillehammer sist helg og var ikkje med på den formidable norske dominansen. Han valde å lade opp til neste runde i verdscupen i staden for å gå på heimebane.
I verdscuprenna i Davos fyrstkomande helg er golingen tilbake i verdscupsirkuset. Der er det fristilsprint laurdag og 30 km fristil sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Norges Skiforbund har tatt ut ein tropp på 24 løparar til Davos, 16 menn og 8 damer.