Sprintrenna i Planica vart ein nedtur for Pål Golberg. Biletet er frå Ribberennet på Liatoppen.
Sprintrenna i Planica vart ein nedtur for Pål Golberg. Biletet er frå Ribberennet på Liatoppen.

Svak sprinthelg for Golberg

Pål Golberg måtte nøye seg med 44. beste tid i verdscuprennet i Slovenia sist helg.

Langrenn: Pål Golberg og dei norske herreløparane hadde ei svak sprinthelg under World Cup-renna i Planica.

I den individuelle fristilssprinten laurdag vart Golberg slått ut i prologen og hadde berre 44. beste tid. For fyrste gong denne sesongen var det ingen norske løparar i herrefinalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heller ikkje lagsprinten sundag vart nokon suksess for Golberg og co. Golingen gjekk saman med Ola Vigen Hattestad og enda på sjuandeplass i finalen. Eirik Brandsdal og Anders Gløersen vart nummer fem.

Italienarane og franskmennene dominerte sprinthelga i Slovenia der italienaren Pellegrino vart dobbeltvinnar.