Saman om rekninga
Sløkkingsarbeidet etter storbrannen i Hemsedal i mars i fjor kravde store ressursar. Hallingdal brann- og redningsteneste rykte ut med alt dei hadde, og fekk i tillegg støtte frå andre distrikt. Det vart ein lang operasjon for å få bukt med flammane i leilegheitsbygget Staven og nybygget der brannen først starta. Dei vel 120 brannmannskapa greidde til slutt å slå brannen ned.
Brannen braut ut på ettermiddagen ein onsdag, operasjonen vart avslutta fredag morgon. Bygga rundt vart berga frå å bli flammanes rov og brannmannskapa kunne si seg nøgd med vel utført arbeid. Men til trass for suksess: Ei slik hending er ikkje gratis. Nyleg kom rekninga, og sluttsummen vart på godt over éin million kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannvesenet i Hallingdal er interkommunalt, det betyr at rekninga kunne delast på fleire. Alle kommunane som er med i samarbeidet tek sin del, rekna ut etter eigardel i selskapet. Gol, Ål, Hemsedal, Nesbyen og Flå får kvar si delrekning. Brannsjef John Bjella seier dette var den mest solidariske måten å løyse det på, og poengterer samtidig at store hendingar kan skje kor som helst. Det er tilfeldig kven som blir råka. Då er det ein fordel å spele på lag, og ta både jobben og kostnadene i fellesskap.
Hol har valt å stå utanfor dette samarbeidet. Det er ikkje heilt enkelt å skjøne kvifor. Debatten har tidlegare gått høgt om det er på tide at også dei blir med i samarbeidet, men så langt har dei valt å drive aleine.
På mange vis kjennest det sikkert trygt å ha kontroll om beredskapen sjølv, og Hol har vore redd for å miste kompetansearbeidsplassar om dei går inn i samarbeidet og blir ein del av fagmiljøet som er etablert på Torpomoen. Me trur beredskapen hadde blitt vesentleg betre om dei hadde valt å knytte seg til det.
Det er ingen enkel sak å halde ein god beredskap i Hallingdal. Storbrannen i Hemsedal er eit godt døme på det. Leilegheitsbygget som brann var eit skikkeleg storbygg, og sløkkingsarbeidet kravde mykje kompetanse. Brannvesenet i Oslo og andre storbyar er kanskje van med slike brannar, men det er ikkje tilfellet her. Då trengst det eit sterkt fagmiljø som kan takle også dei mest utfordrande situasjonane i dalen. Jo meir mannskap og kompetanse ein kan samle, jo betre er det.
Og kva om storbrannen hadde skjedd i Hol i staden for i Hemsedal? Då hadde Hol sete med heile millionrekninga aleine.