Rukke var raskast - sikra NM-gull
Henrik Fagerli Rukke sikra NM-gullet med pallplass på alle distansar i Sørmarka Arena.
Skøyter: Holingen Henrik Fagerli Rukke tok laurdag NM-gull i sprint på skøyter, i Stavanger.
Norgesmeistrane vart kåra etter to 500-meter og to 1000-meter, fordelt over to dagar. Rukke gjekk 500m på 35,83 og 35,95.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rukke var på pallen på alle dei fire løpa. Og fredag var han raskast på 1000-meteren, med 1.10,58. Sundag vart han nummer to 1.11,20. Med det sikra han norgesmeistertittelen føre Odin By Farstad og Pål Myhren Kristensen. I kvinneklassa gjekk gullet til Julie Nistad Samsonsen.
Sundag vart det kåra noregsmeistrar i allround. Det gjekk til førehandsfavorittane Sander Eitrem og Ragne Wiklund. Dei vann også Kongepokalane.