Nært, várt og utradisjonelt
Kvedaren Kim André Rysstad kjem til Folkemusikkveka med fullt band.
Det blir ei stor avslutning på årets utgåve av Folkemusikkveka i mai. Populære Kim André Rysstad har ei stemme som bergtek dei fleste.
Setesdølen er kjent for å blande folkemusikk med andre sjangrar. Han platedebuterte i 2007 med Tak Hardt uti hand, ei samling av folkeviser og middelalderballadar. I fjor haust kom plata Vegen, der han eksperimenterer meir. Her presenterer han også eigne songar og nyskriven musikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mangfald er ein god ting. Ein er nøydd til å blande sjangrar og herje rundt litt for at musikken skal drivast framover, meiner Rysstad.
Kim André Rysstad vann Introfolk i 2009. Han er kjent for å koma tett på folk når han opptrer.