Ny cupfest? Modum blir fyrste hinder for HFK på veg mot ein ny fotballfest på Hallingmo. Her er Markus Thorberg i kamp med ein Hønefoss-spelar i fyrste NM-runde i fjor.
Ny cupfest? Modum blir fyrste hinder for HFK på veg mot ein ny fotballfest på Hallingmo. Her er Markus Thorberg i kamp med ein Hønefoss-spelar i fyrste NM-runde i fjor.

Jansen: - Fantasilaust av fotballforbundet

Norges Fotballforbund har sett opp fyrste kvalifiseringsrunde til NM i fotball.

Fotball: HFK skal møte Modum i fyrste kvalifiseringsrunde i fotballcupen.

HFK startar fotballsesongen og det som kan bli eit nytt cupeventyr med bortekamp mot Modum. I fjor møttest laga i andre kvalifiseringsrunde på Hallingmo. Då vann HFK 2–1 i ein jamn og tøff kamp. I fyrste runde var Jevnaker motstandar, og hallingane vann 2–1 borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor stoppa cupeventyret i fyrste ordinære runde. HFK tapte 4–1 mot Hønefoss på Hallingmo.

Kampdato mot Modum er ikkje fastsett. Fyrste kvalifiseringsrunde skal vera ferdigspelt innan 16. mars, og laga skal avtala kampdato seg i mellom.

– Eg synest det er litt fantasilaust å bli sett opp mot same motstandar som i fjor. Det blir sikkert ein ny jamn og tøff kamp, og me satsar alt på å vinne. Dersom me går vidare, får me truleg heimekamp i andre kvalifiseringsrunde. Då kan det bli ein ny fotballfest på Hallingmo i fyrste ordinære NM-runde, seier sportsleg leiar og HFK-trenar, Jan-Eirik Thorberg.

Modum rykte ned frå 3. til 4. divisjon i fjor. HFK vart nummer sju i ei anna avdeling i debutsesongen i 3. divisjon.