Trafikkuhell på Rv7 - tre personar involvert

Ein bil med tre personar køyrde av vegen og inn i ein lyktestolpe ved Bromma sundag ettermiddag. Det er ikkje meldt om personskader.

Politiet rykte sundag ut etter melding om ein bil som hadde køyrd inn i ein lyktestolpe på Rv7 ved Bromma i Nesbyen. Meldinga kom klokka 15.55 om ettermiddag. Trafikken går fint forbi ulykkesstaden og personane i bilen skal vere oppegåande, melde Sør-Aust politidistrikt på Twitter like før klokka 16.00.

Det var to vaksne og eit barn i bilen. Dei vart undersøkt av ambulansepersonell på staden men framstod uskadde. Politiet jobba utover ettermiddagen med å finne ut kva som hadde skjedd. Det er ikkje mistanke om rus, skriv politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sykkelløyper toppar prioriteringslista - her er heile oversikta
Les også
Vil ikkje ofre hybelhusmor eller skulemat - og investerer i prøvebustader
Les også
Bortvist etter krangling og fyll