Her bygger Nesbyen kommune nytt renseanlegg. Det største prosjektet kommunen har sett i gang til no.

Millionane rullar - dette skal kommunen investere i 2023

Millionane får bein å gå på i Nesbyen dei neste åra.

Kommunen står framfor store investeringar. Totalt skal det investerast 629,3 millionar, utan investeringane til vatn og avløp skal det investerast 355 millionar.

Det dominerande prosjektet er bygginga av nytt renseanlegg på Nesbyen austside, det største prosjektet kommunen nokon gong har sett i gang. Det er kostnadsrekna til omkring 190 millionar. Nesbyen kommune tek eit krafttak på vatn og avløpssektoren. Fram til 2026 er lagt opp til investeringar på til saman 274 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste år skal investerast 207 millionar. Det meste går til vatn og avløp. Dette er investeringane i 2023:

Vatn og avløp

* Investeringsplan for vatn og avløp 18 mill.

* Nytt avløp/vatn-utbygging Nesmoen 12 mill.

* Nytt renseanlegg 145 mill.

Helse og omsorg

* Ny heis, Elverhøy 2,5 mill.

* Skyvedør til balkong 300.000

* Oppussing garderobar (helsestasjon/legesenter) 150.000

* Nytt vaskeri og kjøkken Elverhøy 15 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Bustad for vanskelegstilte 4 mill.

Oppvekst og kultur

* Lyddempande tiltak Nesbyen barneskole 400.000

* Nye PC-ar 750.000

* Nytt elevinteriør 500.000

* Toalett barneskulen 300.000

* Utbetring av skuleområdet 3 mill.

* Utvendig måling 150.000

* Ny barnehage (utgreiing) 300.000

Artikkelen held fram under annonsen.

* Utskifting av leikeapparat 400.000

* Piano (kulturskulen) 150.000

Teknisk (utan VAR)

* Gatelys 500.000

* Investeringsplan kommunale bygg 2.050.000

* Kommunale bygg 1,8 mill.

Les også
Dette er den lokale «vinnaren» i statsbudsjettet: – Mykje betre enn frykta
Les også
I Nesbyen var det stor skepsis; det var det ikkje i nabokommunen: – Dette er bra for Hallingdal
Les også
Kjempar for at ikkje Ringeriksbanen blir demontert - men partia er ikkje samde om løysinga