Paulina Olowskas bilete «School of Archery (after Deborah Tuberville)». I artikkelen omtala som «Bogeskyttarskulen».

Paulina Olowska og «Bogeskyttarskulen»

I avisa no i sumar vart me vare eit målarstykkje av polske Paulina Olowska frå utstillingi hennar på Kistefos-museet ved Jevnaker. Kjæringi køyrer bil, og me reiste.

Radt fann eg bilætet eg hadde sett i bladet, og ikkje noko hindra meg frå å gå inn i bilætromet, for alt kjende eg fyreåt. Kvende som sat i lag på markji i ein skog, og ei som stod framfyre dei og kan hende sa noko. Godt vaksne kvende, truleg mot enden av 20-åri. Men piler og sprettebogar!

«Bogeskyttarskulen», kva kunde no det vera? Og det framande og uvanlege ved dette slo imot meg og gjorde meg ustød og rådvill, for no vart det mange vegar vidare i bilætromet. Eg fann eit sundtskote eple i graset. Dei hadde vel skote eple av hovudet på kvarandre på langt hald, som Wilhelm Tell. Ein skræmeleg tankje. Ei pil for lågt og inn i auga på ei av dei, eller eit vellukka skot som reiste upp vissa um at fridom fanst solein som i forteljingi um Wilhelm Tell då han skaut eplet av hovudet på son sin og fridde honom og seg sjølv og Sveits ut or trældom. Eg såg at dei bruka fridomen til dyre klede etter sin eigen hug innanfor råmone av ålvoret i skulen. Ho som stod, slo fast at alt hadde gjenge godt. Ho hadde venta det. Alle bruka hatt for å få skugge på siktingi, og samstundes la hatten skugge på augo so augnelaget ikkje nådde ut på bogeskyttarskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Danziger Goldwasser

Eg gjorde meg ein sving rundt i utstillingsromet. Tvo kvende sat i eit heitt rom. Dei hadde bretta skjørtet upp over knettet. Den eine drakk frå flasketuten. Det ho drakk so skøytesvore kunde no vel umogeleg vera Daziger Goldwasser for det held 40 % alkohol. På den andre sida er Paulina Olowska fødd nett i Danzig (Gdansk) i 1976, og ho likar luftige samanhengar frå fortidi, gjennom notidi og inn i ei komande framtid. Med Danziger Goldwasser kan ho gå radt attende til 1697 – 98 um ho vil til då tsar Peter den store i løynd vitja Vest-Europa, han lika ogso Danziger Goldwasser. Og eg fekk auga på eit nakje kvende attantil, og mannehender som kom fram bak henne og tok eit grepa tak i fuaballane hennar, men elles var det sjeldan karar å sjå i bilæti til Paulina Olowska. Eg gjekk attende åt bogeskyttarskulen.

Amasonor?

Nei, det var sjølvsagt ikkje karar på bogeskyttarskulen no heller.Kunde det vera dei var amasonor dei fem kvendi med pil og boge som sat under ein høgreist leidar. Amasonone tek til seg karar berre når det trengst, og tek vare på gjenteborni til nye amasonor, og kvar guteborni vert av , det veit ikkje eg. Dei gamle grekarane møtte amasonone i det ukjende, i det framande, og dei gav kvendi ein skap og ei gjerd som var til å fortelja um når dei kom heim. Amasonone var ramme bogeskyttarar. Dei hadde tidt høgre brjostet skore burt for å kunne bruke høgre armen friare i strid, men kvendi på bogeskyttarskulen hadde etter mi meining båe brjosti på plass under motekledi. Mange meiner at amasonone har drag som finst att hjå skytarane nord for Svartehavet. Dei hadde hovudstaden sin på Krim der den russiske svartehavsfloten held til no.

Fargar og figurar i bilæti til Paulina Olowska festar seg lett i hovudet på ein sjåar. Men skal sjåaren koma seg vidare og ha von um å finne glede og spaningi i bilæti, lyt han vera viljug til å freiste alt.