NTG Geilos skulebygg er for lite. Leiinga i NTG etterlyser no fortgang i Hol kommunes planar på området.

Skulen treng meir plass: – Me er uroa for framdrifta

Norges Toppidrettsgymnas (NTG) treng meir plass - og etterlyser framdrift i nye planar.

I eit brev til ordførar Petter Rukke (Ap) skriv adm. direktør Øyvind Langørgen at NTG er uroa fordi det går for seint med planane om eit nytt skulebygg.

– Mangel på framdrift i prosjektet vil føre til at skulen, saman med stiftinga, må vurdere nye alternativ for vår aktivitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full ombygging

Prosjektet Langørgen viser til, er den totale ombygginga av skule- og idrettsområdet kommunestyret så langt tilbake som i 2018 løyva over 40 millionar kroner til.

Dagens innkøyring til idrettshallen og skistadion frå Rv7 og ved samfunnshuset/Circle K skal fjernast og erstattast med to nye vegkryss ved Highland og ved Esso-stasjonen. Det er planlagt nye idrettsfasilitetar og nye skulebygg for barneskule og NTG.

Kommunen har vedteke å opprette Geilo Arena AS, der ein prosjektleiar skal føre dette arbeidet vidare.

Men prosjektet har førebels vore hindra av at kommunen ikkje har greidd å signere alle grunneigaravtaler. Totalt har kommunen vedteke å ekspropriere 30 mål.

Les også
Bygger om sløydsalen og kjøper brakke: – Eg har dårleg tid. Og så har eg dårleg samvit for at me ikkje har kome lenger

Treng meir plass

Samtidig går tida. Og for NTG, som har kring 100 elevar, er plassmangelen prekær. Lokala har vore for små i fleire år. I kommunestyret sist veke vart det vedteke at NTG får tilbod om bruk av auditoriet på Geilo barne- og ungdomsskule for å dekke behovet for klasserom.

– Stiftinga NTG er oppteken av rammevilkåra til skulen, og me er no uroa for framdrifta i utviklinga av nytt skulebygg, skriv Langørgen til ordføraren.

I Hol kommune blir det no arbeidd med å løyse saka om ekspropriasjon. Først når det er i orden, kan utbygginga starte. NTG-direktøren er kjent med problemet, men ber om at det blir sett i gang eit arbeid parallelt med dette som kan sikre nye lokale på kortast mogleg tid.

– Dette vil også etter vår vurdering vere grep som gjer oss trygge på at prosjektet er ønskt realisert, skriv Langørgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her vil dei bygge Geilo Arena

Geilo Arena

Ordførar Petter Rukke opplyser at selskapet Geilo Arena AS er i ferd med å bli stifta. Kommunen går inn med 51 prosent av aksjane og Geilogruppen med 49 prosent. Også for Hol kommune er det viktig at arbeidet kjem i gang.

– Heile skuleområdet har for lite plass. Det gjeld både barneskulen og SFO. Me må prioritere det me er lovpålagd å halde, seier Rukke.

Om meldinga frå NTG, seier Rukke:

– Me vil ha med NTG på planlegginga av arealet. Men det tek tid å planlegge og omregulere dette området. Dette er ikkje gjort over natta. Eg håpar arbeidet i Geilo Arena er i gang så raskt som råd.

Les også
Ho blir å sjå på reality-TV i haust: – Det er ikkje noko spel, me skal berre ha det gøy
Les også
Nesten ingen utestader har 18 års aldersgrense: – Det er krevjande og vanskeleg, men me har eit samfunnsansvar
Les også
Gjekk ned 12 kilo under innspeling av «Torpet»: – Ein feitar seg ikkje opp der. Der må ein kjempe om maten