Andrea (21) vidare til semifinale - no skal ho spele på Riksscenen
Andrea Søgnen er ein av seks unge folkemusikarar som skal delta i semifinalen i Introfolk 2022.
Tre av dei som deltek i semifinalen på Riksscenen 10. september går vidare til finale under Folkelarm i november.
Der skal det kårast ein vinnar, som stikk av med tittelen «Årets unge folkemusikarar». Tittelen gir 100.000 kroner i stipend frå Gramo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er FolkOrg, altså organisasjonen for folkemusikk og folkedans, som står bak Introfolk. Dette er eit såkalla lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar.
Introfolk er ein musikkonkurranse, og ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring med å formidle folkemusikk på høgt nivå. Konkurransen skal også vere ein arena somr vise fram breidda og nivået på unge folkemusikarar.
Ein av dei som skal delta på semifinalen i år er altså Andrea Søgnen frå Gol. 21-åringen spelar langeleik, og er bachelorstudent ved Universitetet i Sørøst-Norge.