Bogar på Kongelaget
Stian Bogar er klar for Kongelaget.
Onsdag skaut Hovet og Hol-skyttaren 245 poeng og var med det nummer 13.
15 får skyte i Kongelaget klokka 19.30 torsdag kveld. Der ligg Daniel Sørli frå Høland/Bjørkelangen på skive 1 etter 248 poeng i den innleiande skytinga. Bogar er einaste halling på Kongelaget. Gunnar Halbjørhus frå Hemsedal skaut også 245 poeng, men hamna på 19. plass med færre sentrumstreff.
Artikkelen held fram under annonsen.
To hallingar er klare for prinsesselaget. Marit Hefte (Hovet og Hol) skaut 244 poeng og vart nummer 11. Marianne Stigen, opphavleg frå Gol, skaut 243 og vart nummer 14. Dei skyt torsdag klokka 16.30.