Gler seg til bra vêr og god stemning - og til lokale musikarar opningskvelden
Torsdag klemmer Hallingmarken til igjen etter to års pause. Med eit breitt utval artistar, utstillarar og tivoli, er det venta mykje folk og god stemning på marknadsplassen i Nesbyen.
Det er tre år sidan sist og endeleg er det tid for Hallingmarken igjen. Det er eit breitt utval av utstillarar, noko for kvar ein smak.
— Alt frå krimskrams og massasje, til traktorar og landbruk, fortel Joar Tolpinrud, leiar i Hallingmarken-komiteen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ekstra stas er det at det er eit hallingband, Hillman Hunters, som skyt startsignalet fyrste kvelden. Kanskje får me og høyre den nye låten deira, «Den kvite ulven»?
Elles kan dei påfølgjande dagane by på mykje god musikk og underhaldning. Ballinciaga, Staysman, Manfred Mann`s Earth Band og Trang Fødsel er noko av det ein kan glede seg til.
Sundagen og siste dag er det mogleg å få eitt lynkurs i skating, og det blir skateshow og konkurranse for dei som har lyst å prøve seg på dette.
— Me håpar og trur det blir mykje folk. Det har vore bra oppmøte på dei tidlegare arrangementa her i Nesbyen i år, eg trur Hallingmarken vil bli like bra, kommenterer Tolpinrud.
– Me satsar på ei kjempehelg på marknadsplassen, og håpar vêrgudane er med oss, avsluttar Joar Tolpinrud.