Jonsokfeiring på Ål torsdag vart braksuksess. Fleire hundre menneske møtte opp for å feire sommaren.

Fleire hundre møtte opp på jonsokfeiring ved elva: – Det er ein fest å sjå dikko

Ålingane sette stor pris på jonsokfeiringa torsdag kveld. Og for ein perfekt arena!

Elvelangs, stigen som strekkjer seg frå Hallingdal Feriepark, via idrettsanlegget på Bråta, langs Oppsjø og heilt ned til Ål Camping var full av folk torsdag ettermiddag. Alle var dei på veg ned til området ved Ål Camping.

Elvelangs i Ål og Sundre Vel inviterte til jonsokfeiring med hemmeleg program.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oleana frå Ukraina opptredde med fiolinspel.

Jonsokfest

Det fine med Elvelangs, er at gangvegen er tilpassa rullestolbrukarar.

Småbarnsforeldra møtte opp til aktivitetar for borna ein time tidlegare. Klokka 18 var det store neset fylt av fargeglade og sommarkledde folk. Med temperaturar godt over 20 grader, inviterte til sommarfeiring for mange.

Anne Birgit Frydenlund (snart 17) var hulder under arrangementet.

Ny scene i Ål

Med naturen som scene hadde initiativtakarane funne rette plassen. Eigar av Ål Camping og leiar av Elvelangs kunne knapt hatt ein betre ide - enn å leggje jonsokfeiringa her.

Tordis og Atle Fosse hadde og teke turen ned mot elva.

– Me har budd i Ål i 50 år, men det er fyrste gong me opplever ei så stor arrangert jonsokfeiring. Dette er flott, seier Tordis og Atle Fosse. Dei kom nett frå Vestlandet der vêret var meir rufsete. No er det berre herleg å sitje ute og sjå folkehavet. For det er mest eit folkehav der på andre sida av vatnet.

Arenaen ved Ål Camping synte seg å vere ein heilt perfekt arena for både konsertar og taler.

Huldra og spelekvinner

Programleiar Arnstein Sørbøen heldt alt i taumane, medan huldra, felespelarar, lurblåsarar og andre opptredde.

– Ål kommune har vanvitig mykje gull som fortener å skine litt, seier Sørbøen før «Fanitullen« høyrest frå elvekanten.

Ingrid (12), Sigbjørn (2), Åsmund (1), Anne Kristin og Bjørn Tor Haugen vandra mot Ål Camping like før programmet starta. - Me har så koselege minne frå denne dagen, seier mamma Anne Kristin. No skaper ho gode tradisjonar for ungane sine.

Ordføraren kom med velvalde ord for kvelden.

– Det er ein fest å sjå dikko. Dette skaper bu- og bli-lyst. Dette er noko ingen klarar å skape aleine - me må gjere det saman. Nyt og kjenn at du lever, uttala ordførar Solveig Vestenfor før ho ønskte alle god sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stella Solberg Skalle opptredde med song, i lag med fleire andre, og Elvelangsvisa hadde premiere.

Og sjølvsagt var det jonsokbål, på ei flåte ute i vatnet.

Astrid Asgrimsplass, Liv Sorteberg og Ingrid Sørbøen tykkjer jonsokfeiringa var storvegs.

– Me vart overraska over kor mange folk det var her, smiler damene Astrid Asgrimsplass, Liv Sorteberg og Ingrid Sørbøen. Dei tykkjer jonsokfeiringa var storvegs.

– Alle tiders arrangement, smiler dei. Damene nyttar Elvelangs-stigen mykje.

– Så de er glade for den nye stigen?

– Ja gjett, strålar dei.

– Dette er kjempebra, seier karane Birger Asgrimsplass og Reidar Toppen. Dei roser arrangementet.

– Og så så fint vêr som me fekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karane Birger Asgrimsplass og Reidar Toppen roste arrangementet.
Les også
Mann i 30-åra stoppa - hadde over 2 i promille
Les også
MC-klubben mintest ein god kamerat: – Me vil takke for det han Kåre har betydd for oss
Les også
– Viken står saman med Hallingdal med å utvikle Campus Hallingdal
Les også
Best i Europa: – Me deler prisen med lesarane våre