Blæs kulturen inn i gammal løe
Dialekt og språk blir hylla i ei renovert løe i skogen under årets sommarutstilling ved Leveld Kunstnartun.
Svall i li og lu er namnet kunstnartunet har gitt på sommarutstillinga si som dei har laga i samarbeid med Ål og Hol mållag.
Og plassen er heilt spesiell. Ei 100 år gamal løe som har stått tom sidan 60/70-talet har no blitt restaurert.
Artikkelen held fram under annonsen.
400 dugnadstimar
Det var styremedlem i kunstnartunet, Dagfinn Ystad som fyrst lufta ideen om å ta i bruk den gamle løa. Han fekk med seg resten av styret på tanken om at løa som stod til nedfalls måtte brukast til noko.
Men kva var ikkje sikkert før han kasta ball med Eldgrim Springgard, som fekk med seg Ål og Hol mållag på samarbeidet. Språk og arkivskattar frå bygdearkivet fyller no løa. At Ål har vorte kåra til både årets nynorskkommune og kulturkommune gjorde at dei ville setje fokus på språk og dialekt. At det i løpet av det siste året har vore mykje debatt om hallingdialekt og dialektdød gjorde det lettare for mållaget å ville vere med på prosjektet.
Her kan folk høyre dei gamle fortel med fleire «lyddusjar»; installert rundt om i løa. I tillegg er det dialektverkstad der besøkjande kan nytte skuletavle og kleshengar for å legge att sine favorittord- og uttrykk.
På overlåven står vandreutstillinga Kryssord og magi - Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten som tek utgangspunkt i Hellbillies-songen «Ei krasafaren steinbu». Utstillinga er utlånt frå Nynorsk kultursentrum i Ørsta og vart laga då Moslåtten var festspeldiktar i Dei nynorske festspela i 2012.
Mykje arbeid er gjort på kort tid for å få i stand løa:
— Eg trur det er så mykje som 400 dugnadstimar. Det har vore rundt 10 menneske i sving. Flinke pensjonistar og andre sambygdingar, fortel Ystad.
Nytt og gammalt materiale har vore nytta om kvarandre. Nokre plassar har det vore rote, mens anna treverk har vore nytta på ein ny måte.
Prosjektet har òg fått støtte frå kommunen gjennom SMIL-midlar (Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Prosjektet har òg ein søknad inne hjå UKL (Utvalde kulturlandskap i jordbruket) som dei reknar med å få innvilga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ord på vegen
Løa ligg om lag ti minutts gange frå Leveld Kunstnartun. På vegen er det installert lyddusj og 15 ulike dialekttekstar på plansjar. Utstillinga har fått namnet Hallinglyrikk. Her finn ein tekstar ifrå alt frå Henrik Wergeland til Stein Torleif Bjella.
Kunstnar Gunnveig Nerol har stilt ut fem verk på vegen til løa, med tittelen Halling på kryss og tvers. Måleria laga ho i vår, og ho har nytta gamle fotoplansjar frå ei utstilling Knut Bry hadde i Leveld i 2012.
— Men han sa det er greitt, ler Nerol.
I fargerike måleri trekkjer ho fram ulike hallingord og -uttrykk. Sjølv kallar ho det lett systematisert og å setje farge på ein dialekt.
— Mor mi prata mykje dialekt, og eg er veldig glad i halling. Det er ein fargerik dialekt seier ho.
Utstillinga opnar laurdag og heng oppe heile sommaren.