- Tanker om livet og døden

Av J. Sandsmark

I Harald Aagaards livssynstankar ser ein ikkje at han stør seg til noko utanfor seg sjølv. Han seier: «Det vet ingen». Men i neste setning kjem det: «Jeg er viss på at det skjer».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, sjølvgjort er velgjort - heiter det. Det heimesnikra kan ofte vera bra. Likevel verkar det litt stort å stå for heile eins livssyn utan å støtta seg til noko, eller nokon av dei store bidragsytarane – det som dei har tenkt, sagt og skrive om desse eksistensielle tinga.